Innføring i astrofysikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål

Emnet har som mål å gi studentane ei brei innføring i grunnleggjande astrofysikk. Emnet skal formidle korleis fysikkens grunnleggjande lover kan nyttast til å forstå og forklare observasjonar av prosessar og fenomen i stjerner, planetar, galaksar og interstellar materie.

 

Innhald

Emnet gir ei innføring i generell astrofysikk med spesiell vekt på dei fysiske prosessane som ligg til grunn. Eksempel på tema som vert behandla er: Astrofysiske observasjonar, oppbyggjinga og utstrålinga til sola, planetane og deira atmosfære, månar samt planetære energibudsjett, stjernene sitt liv frå fødsel til supernovaeksplosjonar, Melkevegen, interstellar materie, galaksar og kosmologi.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har brei kunnskap om sentrale tema i astrofysikk
  • kjenner til utvalde observasjonsmetodar innan astrofysikk
  • har forståing for sentrale prosessar i stjerner, andre himmellekamar og materie i rommet

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan anvende faglig kunnskap i grunnleggjande fysikk og matematikk på enkle problemstillingar og bruke fagleg argumentasjon
  • kan gjere greie for relevante faglege metodar og uttrykksform og kan diskutere sentrale teoriar, problemstillingar og løysingar med andre studentar
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff, gjennomføre ei litteraturstudium av eit valt tema og skrive ein rapport om temaet

 

Generell kompetanse

Studenten

  • har generell kunnskap om den faglege koplinga mellom grunnleggjande fysikk og sentrale tema i astrofysikk
  • kan gjere greie for utvalde problemstillingar innan astrofysikk
  • kan praktisere grunnleggjande norm for akademisk skriving

 

 

 

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MAT111, som ein kan lese parallelt, og Fysikk 2 eller PHYS101 og PHYS102
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Emnet er opent for alle studentar med ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

 

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar, oppgåvegjennomgåing i plenum, rekneverkstad og prosjektoppgåve

Førelesningar 4 timar per veke

Oppgåvegjennomgåing i plenum 1 time per veke

Rekneverkstad 2 timar per veke

 

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjend prosjektrapport. I tillegg er det obligatorisk å delta på tre kunnskapstestar som blir organisert i samband med undervisninga. To av testane blir gjennomført digitalt. Den tredje testen blir gjennomført fysisk. For å kunne gå opp til eksamen må studenten score minst 50% på den fysiske testen. Godkjend rapport og kunnskapstestar er gyldig i tre påfølgjande semester etter godkjenninga.

 

All obligatorisk aktivitet i emnet må være godkjend for å kunne gå opp til eksamen. Ikkje-godkjend obligatorisk aktivitet gir rett til nytt forsøk, men først når kapasitetshensyn gjer det mogeleg. Ved avgrensa kapasitet skal studentar som har hatt gyldig fråvær frå aktiviteten prioriterast framføre studentar som ikkje har hatt gyldig fråvær.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Skriftleg eksamen (4 timar), utgjør 100% av karakteren.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F

Grunna tiltaka mot spreiing av Covid-19 er UiB stengd for gjennomføring av campus-eksamen. Hausten 2020 er det følgande endringar i vurdering i emnet:

  • Karakterskala bestått/ikkje bestått i staden for A-F
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar og 5 A4-sider med studentane sine eigne notat. Notatane kan vere hand- eller maskinskrivne, men må kunne lesast utan hjelpemiddel som forstørringsglas. Studentane har sjølv ansvar for å sjekke at deira kalkulator er godkjend i fakultetets eksamensreglement.