Perspektiv i fysikk
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Haust (Fargekode: grønn) |
| Fagleg overlapp | PHYS102; 3stp |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk og engelsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Ved fullført emne PHYS110 skal studenten kunne
-gjere greie for den historiske utviklinga i fysikken som leia frem til kvantefysikken.
-gjere greie for bruk av kvantefysikken med eksemplar frå klimamodellering, kjernekraftverk og teknologi.
-gjere greie for sentrale omgrep i elementær kvantefysikk som bølgje-partikkel dualisme, Schrödingerlikninga, bundne og ikkje-bundne tilstander, tunneleffekten og Heisenberg sin uvisserelasjon.
-gjere greie for oppbygginga av det periodiske system, molekyler og faste stoff.
-gjere greie for atomkjernen og kunne forklare omgrep som radioaktivitet, levetid, fisjon og fusjon.
-gjere greie for dei grunnleggjande vekselverknader og konserverte storleikar i reaksjonar
-gjere greie for korleis energiproduksjonen i sola føregår og sentrale kosmologiske fenomen og universets utvikling frå Big Bang til i dag.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar fysikk
Gruppepåmelding
Regneverksted: Inndeling i klasser på første forelesing.
Fagleg ansvarleg
Jan Petter Hansen
Undervisningssemester
Haust (Fargekode: grønn)
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Undervisningsspråk
Norsk og engelsk
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Mål og innhald
Emnet gir ei innføring i moderne fysikk med vekt på kvantefysikk, byggesteinane i materie, det periodiske
system og oppbygginga av molekyl og faste stoff, radioaktivitet og skapinga og utviklinga av universet. Eksempel på tema som blir tatt opp er: Heisenberg sin uvisserelasjon, bølgjefunksjonen og tolkinga av denne, frå kvarkar til kjernar, atom, molekyl, og det store smellet. Målet er å gi studentane eit innblikk i ulike tema frå den moderne fysikken som har medverka til å forme vårt verdsbilete. Det vil også bli gitt nokre glimt frå forskingsfronten i fysikk. Emnet går inn i bachelorgraden i fysikk, men er også av allmenn interesse for alle realfagstudentar.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført emne PHYS110 skal studenten kunne
-gjere greie for den historiske utviklinga i fysikken som leia frem til kvantefysikken.
-gjere greie for bruk av kvantefysikken med eksemplar frå klimamodellering, kjernekraftverk og teknologi.
-gjere greie for sentrale omgrep i elementær kvantefysikk som bølgje-partikkel dualisme, Schrödingerlikninga, bundne og ikkje-bundne tilstander, tunneleffekten og Heisenberg sin uvisserelasjon.
-gjere greie for oppbygginga av det periodiske system, molekyler og faste stoff.
-gjere greie for atomkjernen og kunne forklare omgrep som radioaktivitet, levetid, fisjon og fusjon.
-gjere greie for dei grunnleggjande vekselverknader og konserverte storleikar i reaksjonar
-gjere greie for korleis energiproduksjonen i sola føregår og sentrale kosmologiske fenomen og universets utvikling frå Big Bang til i dag.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MAT101. Fysikk 2 (3FY)eller PHYS102.
Fagleg overlapp
PHYS102; 3stp
Obligatoriske arbeidskrav
Godkjend obligatorisk oppgåve (Gyldig i to semester, inkludert semesteret oppgåven leverast).
Vurderingsformer
Skriftlig eksamen, 4 timer. Lovlege hjelpemiddel: Matematisk formelsamling, godkjend lommekalkulator og 5 A4-sider med studentane sine eigne notat. Notatane kan vere hand- eller maskinskrivne, men må kunne lesast utan hjelpemiddel som forstørringsglas. Studentane har sjølv ansvar for å sjekke at deira kalkulator er godkjend i fakultetets eksamensreglement.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar fysikk