Gå til innhold
English A A A
Emne PHYS212

Fysikk i medisinsk diagnostikk

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Vår
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Målet er å gi ei innføring i dei fysiske prinsippa som ligg til grunn for å lage medisinske bilete som nyttast til å setja ei diagnose, følje ein sjukdomsprosess eller evaluere ei behandling. Emnet beskriv refleksjonsavbilding med lyd (medisinsk ultralyd), resonansavbilding (MRI), transmisjonsavbilding (CT) og emisjonsavbilding (PET). Døme på viktig bruk av fysiske modellar og tilhørande framstilling av resultat vil bli gitt.

 

Læringsutbyte/resultat

Ved fullført emne PHYS212 skal studenten kunne

- gjere greie for grunnleggjande teori som akustikk, kjerneresonans, strålingsfysikk og vekselverknaden lada partiklar/foton har med materie

- forklare sentrale omgrep og teknologi knytt til medisinsk diagnostikk, og ha ei forståing av bruk av fysisk modellering og tilhørande framstilling av resultat

- bruke forståinga for dei ulike fysiske prinsippa til å forklare fordelar og ulemper ved ulike løysingar

- løyse ei fordjupingsoppgåve i kurset og presentere denne for medstudentar

 

Undervisningssemester

Vår

Eksamenssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Undervisningsspråk

Norsk. Engelsk om engelskspråklige elever.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Krav til forkunnskapar

PHYS102 eller PHYS 112, PHYS 231 (anbefales)

Obligatoriske arbeidskrav

Prosjektoppgåve . Gyldigheit av obligatoriske øvingar for emnet er 4 semester.

Vurderingsformer

Godkjent prosjektoppgåve.

Munnlig avsluttande eksamen med bokstavskarakter.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Læremiddelomtale

Litteratur:Hovudsaklig forelesningsnotater og oversiktsartikler. Utleveres ved kursopptart.

Demonstrasjonar:Kurset inkluderer praktiske demonstrasjoner ved Haukeland Universitetssjukehus og Christian Michelsen Research.

Prosjektoppgåver:

En prosjektoppgåve (ca. 20 timer) må godkjennast før eksamen.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studieveileder@ift.uib.no