Fysikkdidaktikk
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 7,5 |
| Undervisningssemester | Begge semestre. Fyste gong hausten 2012. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Læringsutbyte
Studentane skal kunne
- analysere og vurdere læreplanen i fysikk
- drøfte bruk av elevøvingar, demonstrasjonar og IKT i undervisninga og korleis leggje til rette for refleksjon
- definere og drøfte omgrepa utforskande arbeidsmåtar og modellering i fysikk, og drøfte mogleg læringsutbyte og tilrettelegging for læring gjennom slike metodar
- identifisere, bruke og drøfte bruk av ulike arbeidsformer og oppgåvetypar
- med høg kvalitet formulere vurderingskriterium og evaluere ulike typar elevarbeid
- drøfte, eksemplifisere og bruke omgrep frå utvalde emne i realfagsdidaktikk i fysikk. Desse emna omfattar til dømes vurdering og læringsstrategiar.
Kontaktinformasjon
Studiekonsulent for lærarutdanninga ved MN, studieveileder.laerer@mnfa.uib.no
Undervisningssemester
Begge semestre. Fyste gong hausten 2012.
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Undervisningsspråk
Norsk
Institutt
Institutt for fysikk og teknologi
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om studierett på PPU
Mål og innhald
Bruk av arbeidsmåtar som stimulerer til interesse, forståing og innsikt i fysikkens tenkje- og arbeidsmåtar. Drøfting av ulike oppgåvetypar og didaktiske modellar for bruk av IKT, demonstrasjonar, elevøvingar, utforskande eksperimentering og vurdering for læring med utgangspunkt i eigne erfaringar, konstruktivisme og Vygotsky sin teori om språk og læring, og omgrepa forankring, meiningsfull læring, representasjonsformer, sjangrar, transformerande skriving og læringsdialogar. Læreplanen i fysikk og diskusjonar knytt til innhald i og grunngjeving for fysikkfaget.
Læringsutbyte/resultat
Studentane skal kunne
- analysere og vurdere læreplanen i fysikk
- drøfte bruk av elevøvingar, demonstrasjonar og IKT i undervisninga og korleis leggje til rette for refleksjon
- definere og drøfte omgrepa utforskande arbeidsmåtar og modellering i fysikk, og drøfte mogleg læringsutbyte og tilrettelegging for læring gjennom slike metodar
- identifisere, bruke og drøfte bruk av ulike arbeidsformer og oppgåvetypar
- med høg kvalitet formulere vurderingskriterium og evaluere ulike typar elevarbeid
- drøfte, eksemplifisere og bruke omgrep frå utvalde emne i realfagsdidaktikk i fysikk. Desse emna omfattar til dømes vurdering og læringsstrategiar.
Undervisning og omfang
Fysikkdidaktikk 18 timer forelesning
Realfagdidaktikk 10 timer forelesning
Obligatoriske arbeidskrav
Bestått rettleia praksis i skolen
Tre obligatoriske arbeidsoppgåver/aktivitetar (gyldig i to semester; inneverande og påfølgjande)
Vurderingsformer
Skriftleg oppgåve knytt til forelesingane i realfagsdidaktikk (tel 25 % av samla karakter). Må vere bestått for å kunne bestå emnet.
Prosjektoppgåve eller munnleg eksamen (tel 75 % av samla karakter)
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Studiekonsulent for lærarutdanninga ved MN, studieveileder.laerer@mnfa.uib.no