Gå til innhold
English A A A
Emne POLØK250

Bacheloroppgåve i politisk økonomi

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Vår
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Målsetjinga med oppgåva er at studentane skal kunne gjemnnomføre ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei problemstilling innanfor temaet politisk økonomi ved hjelp av den "verktykassa" dei har tileigna seg gjennom bachelorstudiet.

Emnet består av ei generell innføring i skriving av ei bacheloroppgåve i tillegg til ei sjølvvalt problemstilling/prosjektskildring som skal resultere i den ferdige oppgåva.

Bacheloroppgåva skal skrivast ut frå eit valfritt tema. Det vert rådd til at oppgåvetema og problemstilling veljast med utgangspunkt i dei tematiske emne som det til einkvar tid vert gitt undervisning i ved institutta. Studenten kan også velje å ta utgangspunkt i tema som det ikkje vert undervist i, men då i samråd med instituttet.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha avslutta emnet skal studentane kunne:

 

  • Gjennomføre ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei problemstilling innen politisk økonomi.
  • Velje problemstilling, finne eigna litteratur og utvise god kjeldebruk.
  • Framstille sitt eige arbeid både skriftleg og munnleg, samt kritisk kommentere andre sine tekstar.

Undervisningssemester

Vår

Eksamenssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Bachelornivå

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar på bachelorprogrammet i politisk økonomi

Krav til forkunnskapar

MET102, SAMPOL110/SAMPOL105, SAMPOL106 & SAMPOL107, SAMPOL115, ECON110, ECON130, ECON140, ECON210, ECON230, ECON240

 

 

 

Undervisning og omfang

Fellesseminar og grupperettleiing.

Obligatoriske arbeidskrav

Godkjent prosjektskildring, deltaking på 1. og 2. gruppesamling.

Vurderingsformer

Samla vurdering av bacheloroppgåva (2/3) og munnleg aktivitet (1/3). Munnlege aktivitetar er presentasjon på 1. og 2. samling og opposisjon på 2.samling, samt endeleg presentasjon på bachelorseminaret.