Gå til innhold
English A A A
Emne PSYK102

Generell psykologi 2

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår og haust
Fagleg overlapp PS102 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjonPS103 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjonPS104 + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjonPSYK202A + PSYK102 = 5 studiepoeng i reduksjon

Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Læringsutbyte

Innanfor personlegdomspsykologi skal studenten kunne gjere greie for og diskutere:

  • Kva som kjenneteikner personlegdomspsykologi
  • Forskingsmetodar i personlegdomspsykologi
  • Måling av personlegdom
  • Det trekkteoretiske bidrag til personlegdomspsykologien (ulike trekkteoriar, korleis trekk målast, korleis trekk kan vere stabile og endrast)
  • Det biologiske bidrag til personlegdomspsykologien (genetikk, fysiologi, evolusjon)
  • Det intrapsykiske bidraget til personlegdomspsykologien (psykoanalyse, nyere psykoanalyse, motivasjon)

Innanfor sosialpsykologien skal studenten kunne gjere greie for og diskutere:

  • Historiske, kulturelle og samfunnsmessige perspektiv på sosialpsykologien sin utvikling
  • Sentrale omgrep og teoretiske perspektiv: normer og roller, haldningar og verdiar
  • Individ og kollektiv: perspektiv på sjølv og identitet, gruppa som sosial eining.
  • Sosial samhandling: i ulike relasjonar, på ulike arenaer og i ulike kulturelle samanhengar.
  • Sosial forståing: sosial konstruksjon, persepsjon og attribusjon.
  • Kommunikasjon og påverknad
  • Ulike sosiale fenomen: konflikt og samarbeid, fordommar og diskriminering, konformitet og avvik, venskap og kjærleik, prososial og antisosial åtferd.
  • Sosialt liv i grupper og mellom grupper: funksjon, struktur og prosess

Innanfor metode skal studentane kunne gjere greie for og diskutere:

  • Grunntrekk ved vitskapelig metode, vitskapsteoretiske omgrep og problemstillingar.
  • Kva eit vitskapeleg paradigme er.
  • Etiske dilemma ved forsking generelt.
  • Likskapar og skilnadar mellom kvalitativ og kvantitativ metodisk framgangsmåte.
  • Operasjonalisering, variabelomgrepet, måleskalaer, reliabilitet og validitet.
  • Ikkje-eksperimentelle metodar (observasjon, kasus, arkivstudiar, survey, feltmetodikk, intervju og tekstanalyse).
  • Eksperimentelle design (val av design, t.d. eksperiment og ikkje-eksperimentelle metodar).

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Mål og innhald

Emnet skal gje studenten ei første fordjuping i psykologifaget sitt sosiale fundament. I tillegg skal studenten få kjennskap til sentrale teoriar om personlegdom. Emnet inneheld også ei grunnleggjande innføring i psykologifaget sine forskingsmetodar.

Personlegdomspsykologi skal gje studenten ei forståing av korleis trekk, biologi og intrapsykiske faktorar kan forklare personlegdom. Sentrale tema er tilhøvet mellom person og situasjon, stabilitet og endring, arv og miljø, psykoanalyse og nyere psykoanalyse, og individuelle forskjellar i motivasjon og åtferd.

Sosialpsykologi skal gje studenten teoriar og omgrep til å forstå det psykologiske omfanget av samspel mellom menneske i ulike sosiale situasjonar. Eit overordna perspektiv i sosialpsykologien er at individet ikkje kan studerast isolert frå sitt forhold til andre individ, og frå dei sosiale samanhengane individa er ein del av.

Metode skal gje studentane kunnskap om vitskapeleg forskings- og målemetodikk som er sentral i psykologisk og pedagogisk forsking. Studentane får ei grunnleggjande innføring i kva som karakteriserer kunnskapsprosessar knytt til vitskap og forsking. Dei skal få kjennskap til sentrale vitskapstradisjonar, kunne gjere greie for kva premiss dei byggjer på og drøfte kriteriar som kan nyttast for å vurdere forsking innanfor dei ulike tradisjonane.

Læringsutbyte/resultat

Innanfor personlegdomspsykologi skal studenten kunne gjere greie for og diskutere:

  • Kva som kjenneteikner personlegdomspsykologi
  • Forskingsmetodar i personlegdomspsykologi
  • Måling av personlegdom
  • Det trekkteoretiske bidrag til personlegdomspsykologien (ulike trekkteoriar, korleis trekk målast, korleis trekk kan vere stabile og endrast)
  • Det biologiske bidrag til personlegdomspsykologien (genetikk, fysiologi, evolusjon)
  • Det intrapsykiske bidraget til personlegdomspsykologien (psykoanalyse, nyere psykoanalyse, motivasjon)

Innanfor sosialpsykologien skal studenten kunne gjere greie for og diskutere:

  • Historiske, kulturelle og samfunnsmessige perspektiv på sosialpsykologien sin utvikling
  • Sentrale omgrep og teoretiske perspektiv: normer og roller, haldningar og verdiar
  • Individ og kollektiv: perspektiv på sjølv og identitet, gruppa som sosial eining.
  • Sosial samhandling: i ulike relasjonar, på ulike arenaer og i ulike kulturelle samanhengar.
  • Sosial forståing: sosial konstruksjon, persepsjon og attribusjon.
  • Kommunikasjon og påverknad
  • Ulike sosiale fenomen: konflikt og samarbeid, fordommar og diskriminering, konformitet og avvik, venskap og kjærleik, prososial og antisosial åtferd.
  • Sosialt liv i grupper og mellom grupper: funksjon, struktur og prosess

Innanfor metode skal studentane kunne gjere greie for og diskutere:

  • Grunntrekk ved vitskapelig metode, vitskapsteoretiske omgrep og problemstillingar.
  • Kva eit vitskapeleg paradigme er.
  • Etiske dilemma ved forsking generelt.
  • Likskapar og skilnadar mellom kvalitativ og kvantitativ metodisk framgangsmåte.
  • Operasjonalisering, variabelomgrepet, måleskalaer, reliabilitet og validitet.
  • Ikkje-eksperimentelle metodar (observasjon, kasus, arkivstudiar, survey, feltmetodikk, intervju og tekstanalyse).
  • Eksperimentelle design (val av design, t.d. eksperiment og ikkje-eksperimentelle metodar).

Krav til forkunnskapar

Ingen

Fagleg overlapp

Undervisning og omfang

Førelesingar i metode 8 x 2 timar, totalt 16 timar.
Førelesingar i sosialpsykologi 6 x 2 timar, totalt 12 timar.
Førelesingar i personlegsdomspsykologi 6 x 2 timar, totalt 12 timar.
Seminarundervisning i grupper 2 timar per veke i 9 veker, totalt 18 timar.

Obligatoriske arbeidskrav

Ingen

Vurderingsformer

5 timars skuleeksamen med 6 essayoppgåver (2 fra kvart temaområde) der 3 oppgåver skal svarast på (1 fra kvart temaområde).

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.

Læremiddelomtale

Anbefalt litteratur vil vere satt saman av omlag 1050 sider. Delar av eller all litteratur kan vere på engelsk.

Undervisningssted

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no