Generell psykologi 2

Fakta om studiet

EmnekodePSYK102
Studiepoeng15
UndervisingssemesterVår, Haust
Undervisingsspråk
Norsk
Antall semester1
Ressursar
TilhørerInstitutt for samfunnspsykologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no

Mål og innhald

Emnet skal gje studenten ei generell kompetanse i form av forståing for psykologifaget sitt sosiale fundament, kjennskap til sentrale teoriar om personlegdom samt ei forståing for grunntrekk ved vitskapelig forskingsmetode, inklusiv forståing for skilnaden mellom kvantitative og kvalitative metodar.

Innan personlegdom skal studenten tilegne seg kunnskapar om korleis trekk, biologi og intrapsykiske faktorar kan forklare personlegdom. Dei skal vidare ha kunnskap om kommunikasjon og sosial påverknad, sosiale fenomen som konflikt og samarbeid, fordommar og diskriminiering, konformitet og avvik, venskap og kjærleik, prososial og antisosial åtferd samt ha basalkunnskap om grupper. Innanfor psykologisk forskingsmetodar skal studetane ha basale kunnskapar om operasjonalisering, variabelomgrepet og målingsproblematikk. Dei skal også ha grunnkunnskapar om ulike ikkje-eksperimentelle metodar samt om grunntrekk ved eksperimentelle design.

Når det gjeld ferdigheter skal studentane etter kurset kjenne til dei mest sentrale forskingsmetodane i personlegdomspsykololgi og vite korleis personlegdom kan målast. Studentane skal og ha ferdigheiter som gjer dei i stand til å gjere greie for ulike perspektiv på sosialpsykologien sin utvikling, definere sentrale omgrep som normer og roller, haldningar og verdiar, samt forstå grunntrekk ved sosial samhandling. Innan psykologiske forskingsmetodar skal studentane ha ferdigheiter som gjer at dei kan forklare kva eit vitskapeleg paradigme er, gje ein oversikt over forskingsetiske dilemma og greie ut om hovudskilnadene mellom eksperimentelle og ikkje-eksperimentelle design.

Læringsutbyte/resultat

Kunnskapar

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Greie ut om det trekkteoretiske bidrag til personlegdomspsykologien (korleis trekk kan vere stabile og endrast)
  • Gjere greie for det biologiske bidrag til personlegdomspsykogien (genetikk, fysiologi, evolusjon)
  • Diskutere det intrapsykiske bidraget til personlegdomspsykolgien (psykoanalyse, nyare psykoanalyse, motivasjon)
  • Gjere greie for fenomen som sosial forståing, sosial konstruksjon, persepsjon og attribusjon.
  • Greie ut om grunntrekk ved kommunikasjon og sosial påverknad
  • Gjere greie for sentrale sosiale fenomen som konflikt og samarbeid, fordommar og diskriminering, konformitet og avvik, venskap og kjærleik, prososial og antisosial åtferd.
  • Kjenne til sentrale aspektar ved sosialt liv i grupper og mellom grupper, grupper sin funksjon, struktur og prosess.
  • Ha kjennskap til kva som meinast med operasjonalisering, variabelomgrepet, måleskalaer, reliabilitet og validitet.
  • Kjenne til ikkje-eksperimentelle metodar (observasjon, kasus, arkivstudiar, survey, feltmetodikk, intervju og tekstanalyse).
  • Greie ut om grunntrekk ved eksperimentelle disign.

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Kjenne til mest sentrale forskingsmetodane i personlegdomspsykologi
  • Vite korleis personlegdom kan målast
  • Gjere greie for historiske, kulturelle og samfunnsmessige perspektiv på sosialpsykologien sin utvikling
  • Definere sentrale omgrep og teoretiske perspektiv på normer og roller, haldningar og verdiar
  • Gjere greie for ulike perspektiv på sjølv og identitet, samt gruppa som sosial eining
  • Forstå grunntrekk ved sosial samhandling i ulike relasjonar, på ulike arenaer og i ulike kulturelle samanhengar
  • Forklare kva eit vitskapeleg paradigme er
  • Gje ein generell oversikt over etiske dilemma ved forsking
  • Greie ut om hovudskilnadene mellom eksperimentelle og ikkje-eksperimentelle disign

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal kandidaten:

  • Kunne definere personlegdom og gjere greie for dei ulike hovudperspektiva på personlegdom
  • Kunne gje ein oversikt over dei sentrale temaområdane innan sosialpsykologien
  • Gjere greie for grunntrekk ved vitskapeleg metode, vitskapsteoretiske omgrep og problemstillingar samt greie ut om likskapar og skilnader mellom kvantitativ og kvalitativ metodisk framgangsmåte

Undervisningssemester

Vår og haust

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Fagleg overlapp

Undervisning og omfang

Førelesingar i metode 10 x 2 timar, totalt 20 timar.
Førelesingar i sosialpsykologi 6 x 2 timar, totalt 12 timar.
Førelesingar i personlegsdomspsykologi 6 x 2 timar, totalt 12 timar.
Seminarundervisning i grupper 2 timar per veke i 9 veker, totalt 18 timar.

Obligatoriske arbeidskrav

Ingen

Vurderingsformer

5 timars skuleeksamen med 6 essayoppgåver (2 fra kvart temaområde) der 3 oppgåver skal svarast på (1 fra kvart temaområde).

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.

Læremiddelomtale

Anbefalt litteratur vil vere satt saman av omlag 1050 sider. Delar av eller all litteratur kan vere på engelsk.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.