Arbeids- og organisasjonspsykologi
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 30 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Psykologisk organisasjonsteori
Studenten skal kunne gjere greie for:
- Ulike modellar for organisering av menneske og korleis ulike organisasjonsstrukturar påverkar menneske, med vekt på byråkratiet sine dysfunksjonar
- Grunnleggjande teoriar om menneske i organisasjonar og arbeid
- Utviklinga i synet på fenomenet arbeid og organisering
- Forholdet mellom teknologi, strukturar, sosiale forhold, og korleis desse påverkast gjensidig og korleis dei samla påverkar tilsette sine opplevingar og organisasjonar sin effektivitet
- Kjenneteikn ved produktive organisasjonar
- Korleis teori og kunnskap frå faget i liten grad omsetjast til praksis
- Årsaker til at einskilde verksemder nøler med å ta i bruk kunnskapar frå organisasjonspsykologi
- Forskingsresultat om metodar for utvikling av produktive verksemder
- Dei vanlegaste måtane å forstå omgrepet «kjønn» i arbeids- og organisasjonspsykologi
- Sentrale problemstillingar og perspektiv angåande kvinne- og kjønnsforskinga i arbeidslivet
Kommunikasjon i organisasjonar
Studenten skal kunne gjere greie for:
- Action Science som eit reiskap for å sikre effektiv kommunikasjon
- Funksjonell og dysfunksjonell kommunikasjon i organisasjonar
- Korleis slik kommunikasjon oppstår, og kvifor
- Det sentrale omgrepsapparatet i Action Science sin måte å analysere kommunikasjon
- Korleis dysfunksjonell kommunikasjon kan snuast til å bli meir funksjonell
- Samanhengen mellom kommunikasjon, læring og omstilling i organisasjonar
- Sentrale kjenneteikn ved tovegs kommunikasjon
- Føresetnader for god kommunikasjon på arbeidsplassen
Endring i organisasjonar: Organisasjonsutvikling, læring eller omstilling?
Studenten skal kunne gjere greie for:
- Kva som kjenneteikner omgrepet organisasjonsutvikling
- Dei sentrale arbeidsmetodane og prosessane innan OU-tradisjonen
- Aksjonsforsking som sentral del av organisasjonsutvikling
- Suksesskriteriar i OU
- Leiarutvikling som del av OU
- Omgrepa organisasjonslæring, dobbelkrets og enkelkretslæring og sentrale problemstillingar i samanheng med dette
- Samanhengen mellom teknologi og læring i organisasjonar
- Psykologiske element i organisasjonslæring, med særskild vekt på persepsjon, kognisjon og kommunikasjon
- Prinsippa for erfaringslæring slik dei skildrast av Action Science og av Kolb sin læringssirkel
- Arbeidslivet sin historiske utvikling
- Teknologien og kunnskapen sin verdi for arbeidslivet
- Paradigmeskiftet frå industrialisering til postindustrialisme
- Kunnskapsarbeidaren, leiing og organisering
- Organisatorisk endring: modellar og strategiar
- Likskapar og skilnader mellom organisatorisk omstilling og organisasjonsutvikling, organisasjonslæring
- Motstand mot endring og faktorar som påverkar dette
- Omstilling som læringsprosess; kognitive kart og kompetansar
- Stress og stressmeistring i samband med omstilling
- Korleis omstilling påverkar dei tilsette
- Korleis ein omstillingsprosess kan tilretteleggjast for å sikre medarbeidarar sin trivsel og motivasjon
Konflikt og konflikthandtering
Studenten skal kunne gjere greie for:
- Konfliktomgrepet i arbeidslivssamanheng
- Konfliktar sine årsaker
- Konfliktar sitt innhald og konsekvensar
- Sentrale modellar for å forstå konfliktar sin gang
- Handtering av konfliktar frå ulike perspektiv
- Korleis prinsipp for god kommunikasjon kan brukast til å førebyggje og handtere konfliktar på arbeidsplassen
Leiing og leiingstenkingas historie
Studenten skal kunne gjere greie for:
- Grunnleggjande teoriar og verdisyn i høve til menneske i arbeid
- Dei mest sentrale teoriane om leiing i historisk perspektiv
- Leiing og leiaromgrepet
- Leiarane sin jobbåtferd, moglege årsakar og konsekvensar
- Dei viktigaste teoriane innanfor situasjonsstyrt leiing og dei mest sentrale innvendingane mot nytteverdien av desse teoriane
- Omgrepa transformasjonsleiing og transaksjonsleiing
- Kva slags utfordringar kunnskapsarbeid og kompetente medarbeidarar byr på for leiarar som har ansvar for slik arbeidskraft
- Forholdet mellom kunnskapsarbeid og motivasjon
- Typar medarbeidarar og kva for slags leiarstilar desse er assosiert med
- Korleis hanskast med produktivitet i kunnskapsintensivt arbeid
Organisasjonskultur og organisasjonsklima
Studenten skal kunne gjere greie for:
- Kva vi forstår med omgrepet organisasjonskultur
- Skilnader og likskapar mellom omgrepa organisasjonskultur og klima
- Korleis organisasjonskulturar oppstår og utviklast
- Kva slags funksjoner ein organisasjonskultur har for arbeidsfellesskapet
- Korleis organisasjonskultur påverkar endringar og omstillingar i organisasjonar
- Korleis leiarar kan påverke ein organisasjonskultur
- Universell versus partikulære kjenneteikn ved organisasjonskulturar
- Konkurrerande verdiar, Modell for organisasjonskultur
Danning og utvikling av grupper og team på arbeidsplassen
Studenten skal kunne gjere greie for:
- Ulike typar grupper i organisasjonar
- Strukturar og prosessar i grupper som påverkar både gruppa og organisasjonen sin produktivitet
- Kjenneteikn ved effektive grupper
- Korleis grupper dannast og utviklast
- Skilnaden mellom grupper og team
- Fordeler og ulemper ved grupper og team
Ulike problem som kan finne stad mellom grupper i ein organisasjon
Psykososialt arbeidsmiljø
Studenten skal kunne gjere greie for:
- Arbeidet sin dobbeltside: belasting og utvikling
- Kva vi forstår med omgrepet psykososiale faktorar på arbeidsarenaen
- Ulike perspektiv på omgrepet psykososialt arbeidsmiljø, slik som stressperspektiv og motivasjonsperspektiv
- Ulike modellar for psykososiale faktorar, medrekna dei psykologiske jobbkrav, jobbkjenneteikn modellen og Kravkontroll modellen
- Psykososiale forhold sin relevans for jobbtrivsel og helse
- Arbeidsmiljølova med særskild vekt på paragraf 12, den såkalla psykososialparagrafen
- Ulike verkemiddel for arbeidsmiljøutvikling, medrekna bruken av surveyundersøkingar («survey-feedback» metodikk), søkjekonferansar og dialogmetodar
- Ulike metodar for internkontroll og kvalitetsstyring av arbeidsmiljø
Jobb og familie
Studenten skal kunne gjere greie for:
- Ulike modellar for å forstå dynamikken mellom familie- og arbeidsliv, slik som balansemodellen og «spel over» modellen
- Ulike jobb/familie konstellasjonar og moglege effektar av desse
- Moglege individuelle, organisatoriske og samfunnsmessige tiltak for å lette og førebyggje jobb/familie problem
Jobbtrivsel
Studenten skal kunne gjere greie for:
- Omgrepet jobbtrivsel
- Ulike teoriar og modellar for å skjøna jobbtrivsel
- Årsaker til og konsekvensar av jobbtrivsel
- Omgrepet organisasjonstilhøyrsle
- Moglege samanhengar mellom jobbtrivsel, livstrivsel, jobbinvolvering og organisasjonstilhøyrsle
- Moglege samanhengar mellom jobbtrivsel og effektivitet, og mellom jobbtrivsel og tilsette sin helse (medrekna sjukefråvær)
Motivasjon i jobbsamanheng
Studenten skal kunne gjere greie for:
- Kva arbeidsmotivasjon er
- Dei mest sentrale motivasjonsteoriane i jobbsamanheng
- Forholdet mellom motivasjon og produktivitet
- Skilnadane mellom innhalds- og prosessteoriar
- Ekstrarolleåtferd som følgje av indre motivasjon; arbeidsglede
Verdien av det sosiale samspel for trivsel og helse i arbeidssamanheng
Studenten skal kunne gjere greie for:
- Kva vi forstår med omgrepet sosial stønad
- Kvantitative aspekt ved sosial stønad (sosiale nettverk)
- Ulike former for sosial stønad
- Samanhengar mellom sosial stønad og helse; nærare bestemt direkte effekt og buffer hypotesen.
- Negative effektar av sosial støtte
- Omgrepa mobbing og seksuell trakassering på arbeidsplassen
- Ulike årsaker til mobbing i arbeidslivet
- Utviklingsgang av mobbing i arbeidslivet
- Konsekvensar av mobbing for den einskilde og for organisasjonen
- Førebyggjing og handtering av mobbing på arbeidsplassen

- Ulike former for sosiale stønad

- Negative effektar av sosial stønad
- Humor på arbeidsplassen
- Positive og negative sider ved bruk av humor på arbeidsplassen.
Individuelle skilnader
Studenten skal kunne gjere greie for:
- Kva vi meiner med omgrepet personlegdom
- Personlegdomsteoriane sin plass i arbeidspsykologien
- Dei mest sentrale trekkteoriane, medrekna særskild femfaktorteorien
- Forholdet mellom person- og situasjonsfaktorar
- Forholdet mellom personlegdom og organisasjonsåtferd
- Personlegdommen sin verknad for stress og meistring
- Individuelle preferansar, og korleis desse kjem til uttrykk
- Jung sin modell for typeforståing
- Korleis måle personlegdom og metodologiske problem i denne samanheng
- I kva for ein grad personlegdomstestar kan nyttast ved utveljing av leiarar og medarbeidarar
- Vektlegging av kjønn i arbeidsliv og leiing
Stress og helse i arbeidslivet
Studenten skal kunne gjere greie for:
- Kva vi forstår med omgrepet stress
- Sentrale modellar for stress i organisasjonar
- Stress hos leiarar særleg
- Kva vi forstår med omgrepet meistring
- Sentrale modeller for meistring i organisasjonar
- Moglege tiltak i høve til å redusere stress på arbeidsarenaen
- Stress under omstilling og nedbemanning
- Omgrepet "utbrenthet"
- Utbrenthet i lys av stressmodellar
- Årsaker til og konsekvensar av utbrenthet
- Individuelle trekk sin relevans for utbrenthet
- Korleis måle utbrenthet, og metodiske problem i det høve
- Førebygging og behandling av utbrenthet
- Sjukefråvær som fenomen
- Teoriar om sjukefråvær med særskild vekt på Steers og Rhodes fråværsmodell
- Ulike måtar å måle fråvær, og konsekvensane av desse
- Moglege samanhenger mellom arbeidsmiljø/trivsel og sjukefråvær
- Ulike tiltak for å redusere sjukefråvær i arbeidet
- Helsefremming i arbeidslivet
- Kva forstår vi med omgrepet arbeidsløyse. Sentrale forståingsperspektiv.
Samanhengen mellom arbeidsløyse og helse
Kontaktinformasjon
Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet
E-post: studieveileder.psyfa@uib.no
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med ein studierett ved Universitetet i Bergen.
Mål og innhald
Organisasjonspsykologi gir ei opplæring i sentrale teoriar og perspektiv innan det organisasjonspsykologiske fagområdet. Organisasjonspsykologi fokuserer primært på studiet av organisasjonar og grupper, og leiing av desse. Eit viktig siktemål er å medvitsgjera studentane på dei deler av organisasjonspsykologien som er vitskapeleg fundert, ved at nyare empiri blir lagt vekt på i undervisninga. Arbeidspsykologi gir ei opplæring i sentrale teoriar og perspektiv innan det arbeidspsykologiske fagområdet. Arbeidspsykologi konsentrerer seg om studiet av arbeid, den einskilde sitt forhold til arbeid og sine næraste kollegaer. Ei viktig målsetjing er å medvitsgjera studentane på dei deler av arbeidspsykologien som er vitskapelig fundert, ved at nyare empiri vert lagt vekt på i undervisninga.
Læringsutbyte/resultat

Undervisning og omfang
Undervisninga vert gjennomført i 24 undervisningsbolkar á 3 timar. I tillegg arrangerast eit 12 timars erfaringsbasert undervisningsopplegg i smågrupper. Denne undervisninga føregår i grupper på 10 studentar. Studentane oppmodast og ventast å danne studentstyrte kollokviegrupper. Deltaking på undervisninga i grupper fordrar bindande påmelding i forkant og gjennomføring av alle 12 timar. Informasjon om dette og påmelding til gruppene vert gjort i samband med orienteringsmøtet. Det vil også bli arrangert eit eksamensseminar på 3 timar. Undervisninga er ikkje obligatorisk
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen
Vurderingsformer
Eksamen arrangeres hvert semester. Eksamen består av en åtte timers skriftlig prøve over 1 dag. Eksamen består av et todelt oppgavesett. Den første delen av settet utgjøres av en langsvaroppgave (studenten må velge 1 av 2 oppgaver). Den siste delen av settet består av en serie på 4 kortsvar oppgaver (studenten må velge blant 6 mulige oppgaver). Langsvar og kortsvar-oppgavene teller hver 50 % av den samlede karakter. Både langsvarsoppgaven og kortsvarsoppgavene må være bestått for at kandidaten skal kunne bestå eksamen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.
Læremiddelomtale
Anbefalt litteratur er satt saman av omlag 2000 sider.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering av undervisninga skal skje minimum kvart 3. semester.