Psykologiske forskingsmetodar A
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Fagleg overlapp | |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Innføring i metode
Studentane skal kunne gjere greie for og diskutere:
- Grunntrekk ved vitskapeleg metode, vitskapsteoretiske omgrep og problemstillingar.
- Kva eit vitskapeleg paradigme er.
- Etiske dilemma ved forsking generelt.
- Likskapar og skilnadar mellom kvalitativ og kvantitativ metodisk framgangsmåte.
- Operasjonalisering, variabelomgrepet, måleskalaer, reliabilitet og validitet.
- Ikkje-eksperimentelle metodar (observasjon, kasus, arkivstudiar, survey, feltmetodikk, intervju og tekstanalyse).
- Eksperimentelle design (val av design, til dømes eksperiment og ikkje-eksperimentelle metodar).
Kvalitativ metode
Studentane skal kunne:
- Gjere greie for kva som kjenneteiknar kvalitative metodar og syne kva for bruksområde dei høvar seg for.
- Drøfte sterke og svake sider ved ulike kvalitative metodetilnærmingar som feltmetodikk, observasjon, intervju og tekstanalyse.
- Syne at dei kjenner problemstillingar knytt til data sin truverdigskap og gyldigheit.
- Ha fått erfaring med å vurdere empiriske artiklar.
Kvantitativ metode
Studentane skal kunne:
- Gjere greie for ulike typar utval i surveymetode (tilfeldige utval, klyngeutval og bekvemmelighetsutval).
- Gjere deskriptiv statistikk (som mål på sentraltendens, spreiing og frekvensanalysar).
- Gjere greie for ulike statistiske kriterium for reliabilitet og validitet i surveymetodikk.
- Gjere greie for mønster mellom observasjonar, inkl. korrelasjonsomgrepet.
- Greie ut om sannsynsomgrepet og relatere dette til signifikanstesting samt gjere greie for H0, H1, type I og type II feil.
- Gjere greie for enkle analysar som kjikvadrat, t-testar, Mann-Whitney og Wilcoxon.
- Forstå og gjere greie for variansanalyse.
- Forstå og gjere greie for regresjonsanalysar.
- Ha kjennskap til faktoranalysar.
- Trekkja valide slutningar på basis av dataanalysar.
Kontaktinformasjon
For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet krev studierett ved eit av følgjande studieprogram:
- Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi
- Bachelorprogrammet i folkehelse og helsefremjande arbeid
- Bachelorprogrammet i generell psykologi
- Bachelorprogrammet i pedagogikk
Mål og innhald
Psykologiske forskingsmetodar A er satt saman av 3 delar: innføring i metode, kvalitativ metode og kvantitativ metode. Emnet skal gje studentane kunnskap om vitskapeleg forskings- og målemetodikk som er sentral i psykologisk og pedagogisk forsking. Studentane får ei grunnleggjande innføring i kva som karakteriserer kunnskapsprosessar knytt til vitskap og forsking. Dei skal få kjennskap til sentrale vitskapstradisjonar, kunne gjere greie for kva for premiss dei byggjer på og drøfte kriterium som kan nyttast for å vurdere forsking innanfor dei ulike tradisjonane. Emnet skal vidare gje studentane kunnskap om kva som karakteriserar ein kvalitativ metodisk framgangsmåte. Studentane skal ha skaffa seg eit generell oversyn over kjenneteikn ved dei mest nytta kvalitative datainnsamlings- og analysemetodane, til dømes intervju, observasjon, case- og tekstanalyse. Studentane skal også kunne drøfte etiske problem og dilemma som er knytt til vitskapeleg arbeid. Innanfor kvantitative metodar skal emnet gje studentane kunnskap i parametrisk og ikkje-parametrisk statistikk som er sentral innan pedagogisk og psykologisk forsking.
Læringsutbyte/resultat
Innføring i metode
Studentane skal kunne gjere greie for og diskutere:
- Grunntrekk ved vitskapeleg metode, vitskapsteoretiske omgrep og problemstillingar.
- Kva eit vitskapeleg paradigme er.
- Etiske dilemma ved forsking generelt.
- Likskapar og skilnadar mellom kvalitativ og kvantitativ metodisk framgangsmåte.
- Operasjonalisering, variabelomgrepet, måleskalaer, reliabilitet og validitet.
- Ikkje-eksperimentelle metodar (observasjon, kasus, arkivstudiar, survey, feltmetodikk, intervju og tekstanalyse).
- Eksperimentelle design (val av design, til dømes eksperiment og ikkje-eksperimentelle metodar).
Kvalitativ metode
Studentane skal kunne:
- Gjere greie for kva som kjenneteiknar kvalitative metodar og syne kva for bruksområde dei høvar seg for.
- Drøfte sterke og svake sider ved ulike kvalitative metodetilnærmingar som feltmetodikk, observasjon, intervju og tekstanalyse.
- Syne at dei kjenner problemstillingar knytt til data sin truverdigskap og gyldigheit.
- Ha fått erfaring med å vurdere empiriske artiklar.
Kvantitativ metode
Studentane skal kunne:
- Gjere greie for ulike typar utval i surveymetode (tilfeldige utval, klyngeutval og bekvemmelighetsutval).
- Gjere deskriptiv statistikk (som mål på sentraltendens, spreiing og frekvensanalysar).
- Gjere greie for ulike statistiske kriterium for reliabilitet og validitet i surveymetodikk.
- Gjere greie for mønster mellom observasjonar, inkl. korrelasjonsomgrepet.
- Greie ut om sannsynsomgrepet og relatere dette til signifikanstesting samt gjere greie for H0, H1, type I og type II feil.
- Gjere greie for enkle analysar som kjikvadrat, t-testar, Mann-Whitney og Wilcoxon.
- Forstå og gjere greie for variansanalyse.
- Forstå og gjere greie for regresjonsanalysar.
- Ha kjennskap til faktoranalysar.
- Trekkja valide slutningar på basis av dataanalysar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Fagleg overlapp
- PSYK102 + PSYK202A = 5 studiepoeng i reduksjon.
- PS102 + PSYK202A = 5 studiepoeng i reduksjon.
- PSYK202B + PSYK202A = 10 studiepoeng i reduksjon.
Undervisning og omfang
Førelesingar i innføring i metode 8 x 2 timar, totalt 16 timar.
Førelesingar i kvalitativ metode 6 x 2 timar, totalt 12 timar.
Førelesingar i kvantitativ metode 6 x 2 timar, totalt 12 timar.
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen
Vurderingsformer
8 dagars heimeeksamen. Oppgåva si lengde bør normalt vere omlag 10 sider med linjeavstand 1.5, fontstorleik 12, og med standard margar (2,54 cm venstre/ høgre, topp og botn). Referanseliste og appendiks kjem i tillegg.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.
Læremiddelomtale
Anbefalt litteratur vil utgjere omlag 1050 sider delt på 350 sider i innføring i metode, 350 sider kvalitativ metode og 350 sider i kvantitativ metode.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no