Psykologiske forskningsmetoder B

Fakta om studiet

EmnekodePSYK202B
Studiepoeng15
UndervisingssemesterVår
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for samfunnspsykologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no

Mål og innhald

Psykologiske forskingsmetodar B er satt saman av 2 delar: kvalitativ metode og kvantitativ metode. Emnet skal gje studentane kunnskap om vitskapeleg forsknings- og målemetodikk som er sentral i psykologisk, pedagogisk og helsefremmande forskning. Studentane får ei grunnleggande innføring i kva som karakteriserer kunnskapsprosessar knytt til vitskap og forskning. Dei skal få kjennskap til sentrale vitskapstradisjonar, kunne gjere greie for kva premiss dei bygger på, og drøfte kriterium som kan nyttast for å vurdere forskning innanfor dei ulike tradisjonane. Emnet skal vidare gje studentane kunnskap om kva som karakteriserer kvalitative og kvantitative forskningsdesign. Studentane skal ha skaffa seg eit generelt oversyn over dei mest nytta kvalitative forskningsdesigna, og gjere seg kjent med korleis utføre litteraturreview, datainnsamling og analyse på ein systematisk og stringent måte. Studentane skal også kunne drøfte etiske problem og dilemma som er knytt til vitskapeleg arbeid. Innanfor kvantitative metodar skal emnet gje studentane kunnskap i parametrisk og ikkje-parametrisk statistikk som er sentral innan pedagogisk, helsefremmande og psykologisk forskning. Dette får dei også prøvd ut gjennom ein eigen praktisk statistikkdel i dette emnet.

Læringsutbyte

Kvalitativ metode

Kunnskapar

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Vise kunnskap om korleis ein utformar eit kvalitativt forskningsdesign
  • Vise kunnskap om kvalitativ metodes vitskapsteoretiske forankring
  • Vise kunnskap om kva som kjenneteiknar kvalitative metodar og syne kva for bruksområde dei høver seg for
  • Vise kunnskap om sterke og svake sider ved ulike kvalitative metodetilnærmingar som feltmetodikk, observasjon, intervju og tekstanalyse.
  • Vise kunnskap om data sin truverdigskap og gyldigheit.

 

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Utføre ein litteraturreview i kvalitativ metode
  • Utforme stringente forskningsspørsmål i kvalitativ metode
  • Designe alle stadia i det kvalitative forskningsintervjuet
  • Designe observasjonsstudie i kvalitativ metode
  • Analysere kvalitative data i lys av truverdigskap og gyldigheit

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Vere bevisst på korleis det vitskapelege grunnlaget for kvalitativ metode har implikasjonar for eit heilskapleg kvalitativt forskningsdesign
  • Vere bevisst om etiske dilemma ved feltarbeid, intervju og observasjon
  • Vere bevisst om kvalitative forskningsdesigns avgrensingar, samt korleis det kan integrerast saman med kvantitative forskningsdesign (Mixed Method)

Kvantitativ metode

 

Kunnskapar
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Greie ut om ulike typar utval i surveymetode (tilfeldige utval, klyngeutval og bekvemmelighetsutval)
  • Gjere greie for ulike statistiske kriteriar for reliabilitet og validitet i surveymetodikk.
  • Gjere greie for mønster mellom observasjonar, inkl. korrelasjonsomgrepet.
  • Greie ut om sannsynligheitsomgrepet og relatere dette til signifikanstesting, samt gjere greie for H0, H1, type I og type II feil.
  • Gjere greie for variansanalyse samt ikkje-parametriske alternativ og regresjonsanalysar
  • Gjere greie for hovedtrekka ved faktoranalyser

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Gjere deskriptiv statistikk (som mål på sentraltendens, spreiing og frekvensanalysar) i statistikkprogram
  • Gjere enkle analysar som kjikvadrat, t-testar, Mann-Whitney og Wilcoxon i statistikkprogram
  • Gjere variansanalysar og enkle faktoranalysar i statistikkprogram
  • Organisere filer,sataark og variabelark i statistikkprogram
  • Opprette filer, lage variabelnamn og legge inn "labels", samt punche data i statistikkprogram
  • Rekode variablar og lage syntax-filer i statistikkprogram
  • Gjere og tolke analysar av måleinstrumentar sin indre konsistens i statistikkprogram
  • Forklare og tolke analysar i statistikkprogram i samsvar med hypotesetesting og statistisk signifikans

Generell kunnskap

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Sette opp eit forskningsdesign ut fra relevante forskningsspørsmål, foreslå og gjennomføre relevante analysar samt fortolke resultata fra analysane
  • Vere bevisst på korleis det vitskaplege grunnlaget for kvantitativ metode har implikasjonar for eit heilskapleg kvantitativt forskningsdesign
  • Vere bevisst på etiske dilemma ved kvantitativ metodebruk
  • Vere bevisst om kvantitative forskningsdesigns avgrensingar, samt korleis det kan integrerast saman med kvalitative forskningsdesign (Mixed Method).

Undervisningssemester

Vår

Vurderingssemester

Haust og vår

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Krav til studierett

Emnet krev studierett ved eit av følgjande studieprogram:

  • Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi
  • Bachelorprogrammet i folkehelse og helsefremjande arbeid
  • Bachelorprogrammet i generell psykologi
  • Bachelorprogrammet i pedagogikk

Krav til forkunnskapar

PSYK102 Generell psykologi 2/PSYK202A

Fagleg overlapp

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar i kvalitativ metode 6 x 2 timar, totalt 12 timar.
Førelesingar i kvantitativ metode 6 x 2 timar, totalt 12 timar.
Dataøvingar i statistikk i grupper 6 x 2 timar, totalt 12 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

8 dagars heimeeksamen. Oppgåva si lengd bør normalt vere omlag 10 sider med linjeavstand 1.5, fontstorleik 12, og med standard margar (2,54 cm venstre/ høgre, topp og botn). Referanseliste og appendiks kjem i tillegg.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.

Læremiddelomtale

Anbefalt litteratur vil vere satt saman av omlag 1050 sider delt på 350 sider i kvalitativ metode, 350 sider i kvantitativ metode og 350 sider i statistikkprogram.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.