Læring og atferdspsykologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane kunnskap om grunnleggande metodar og prosedyrar innanfor åtferdspsykologi, eksperimentelle studiar frå grunnforsking, kunnskap om opphavet til kjende teoriar om læring, grunnleggande omgrep og bruk av disse, moderne teoretiske og empiriske bidrag og nytta metodar og kunnskapar innan anvendt psykologi.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om og kan drøfta sentrale teoriar, prinsipp og empiriske funn for læring, både hos dyr og menneske:

  • Habituering/dishabituering og sensitivisering
  • Klassisk betinging
  • Instrumentell (operant) betinging
  • Modell-læring/Sosial kognitiv læringsteori
  • Relevante eksperimentelle studiar med bruk av dyr i laboratorium

Studenten kan forstå kva for rolle læring har for korleis individet fungerer i eit miljø og kva som påverkar og endrar åtferd

Studenten kan greie ut om korleis grunnleggande prinsipp innanfor læringspsykologien kan nyttas for å forstå åtferd hos menneske

Studenten har kunnskap om kva som kan gjerast for å endre og oppretthalde åtferd hos dyr og menneske

Ferdigheiter

Studenten kan bruka læringspsykologiske bidrag til forståinga og endringa av menneskeleg åtferd innan:

  • angstlidelser
  • rus- og alkoholavhengighet
  • penge og dataspillavhengighet
  • eteforstyrring
  • helse og åtferd
  • åtferdsvanskar hos born
  • læringsvanskar hos born
  • lært hjelpeløyse og depresjon

Studenten kan bruka læringspsykologi i område som høyrer til kvardagslivets psykologi, for eksempel:

  • oppfostring
  • endring av (helse)åtferd
  • endring av problematisk åtferd (t.d. åtferdsvanskar i skolekontekst)
  • prokrastinering

Generell kompetanse

Studenten kan

  • kjenne igjen og anvende grunnleggende læringsprinsipp (som habituering, sensitivisering, klassisk/instrumentell betinging, modell-læring) i kvardagslivet og klinisk kontekst.
  • bruke modellar og prinsipp innanfor læringspsykologien til å gjere åtferdsanalyser og nyttiggjere dette i arbeidslivet og i vidare utdanningarbeide i team
  • Studenten skal kunna sjølvstendig, utan hjelpemiddel gjera greie for sentrale problemstillingar, kunnskapar og metodar innanfor fagfeltet.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det er tilrådd at studentane har kunnskap i psykologi tilsvarande førsteårsstudiet i psykologi. Kjennskap til læringspsykologi og biologisk psykologi er ein føremon ved deltaking på emne.
Studiepoengsreduksjon
Ikkje aktuelt
Krav til studierett

Emnet krev studierett på eit av følgjande studieprogram:

  • Bachelorprogrammet i generell psykologi
  • Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi
  • Bachelorprogrammet i kognitiv vitenskap
  • Bachelorprogrammet i spesialpedagogikk
Arbeids- og undervisningsformer

Dei spesifikke måla kan verte nådde gjennom deltaking i førelesingar og seminar, praktiske øvingar og sjølvstudium. I tillegg får studentane tilbod om ein prøveeksamen for å øva til skuleeksamen. Samla undervisning utgjer 34 timar, som er delt mellom nøkkelførelesingar, 4 seminar (3 seminar om avhengigheit og 1 seminar om helseåtferd) og praktiske øvingar ("Sniffy the virutal rat", eit datamaskingprogram for å få praktisk erfaring med klassisk og instrumentell betinging).

Det er to frivillige fleirvalsprøvar om grunnleggande prinsipp (f.eks. klassisk/instrumentell betinging, habituering, sosial læring) fordelt over semesteret. Kvar prøve har eit omfang på 60 minutt og blir gjennomført online på MittUiB. Desse er tenkt som ei førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ein skriftleg rapport basert på programmet "Sniffy the virtual rat" skal leverast og godkjennast. Omfang for rapporten er 6-9 sider. Obligatoriske krav må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet.

Den obligatoriske aktiviteten er gyldig i 3 semester (det semesteret ein gjennomfører aktivitetane og dei to følgande semestra).

Vurderingsformer
4 timars skuleeksamen der kandidatane svarer på to av tre oppgåver. Oppgåvene er knytte til læringsutbytet og skal spegla kunnskapane til studenten.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Emneansvarleg
Institutt for biologisk og medisinsk psykologi
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet