Bacheloroppgåve i generell psykologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Gjennom arbeidet med bacheloroppgåva skal studentane utvikle ein vitskapeleg tenkje- og arbeidsmåte. Dei skal lære kva slags krav som vert stilt til eit større skriftleg oppgåve og kva som kan vere ein føremålstenleg arbeidsmåte. Gjennom innsamling og drøfting av relevant empirisk og/eller teoretisk materiale skal studentane lære å belyse ei problemstilling. Prosjektoppgåva skal leggje eit metodisk grunnlag for framtidig arbeid med ei masteroppgåve, og kan også tematisk danne opptakta til ei slik vidareføring innanfor det temaområdet som vert valt. Oppgåva kan vere reint teoretisk, eller den kan vere ei mindre empirisk undersøking.

Læringsutbyte

Kunnskap

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Ha forståing for gjeldande krav til eit vitskapleg arbeid
  • Gjere greie for grunnleggande kjenneteikn ved kvantitative og kvalitative forskningsmetodar, nærare bestemt forskningsdesign, innsamling og behandling av ulike typar data (kvalitative og kvantitative)
  • Gjere greie for dei ulike fasane som inngår i eit forskningsprosjekt
  • Ha kunnskap om dei ulike fasane i eit forskningsprosjekt

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Planleggje og gjennomføre eit forskningsprosjekt
  • Stille forskningsspørsmål som lar seg svare på med vitskaplege metodar
  • Tileigna seg relevant forskningsinformasjon (mellom anna datasøk)
  • Utvikle og nytte adekvate forskningsinstrument (til dømes intervjuguidar og spørjeskjema)
  • Demonstrere ferdigheiter i korrekt oppbygging av eit vitskapleg arbeid etter APA-standarden, korrekt bruk av kjelder, korrekt presentasjon av referansar og bruk av relevante litteraturdatabasar
  • Analysere data eller presentere og drøfte teori
  • Formidle teori og resultat skriftleg og munnleg

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal studenten kunne:

  • Utøve forskning i høve til teori og empiri
  • Reflektere om etiske forhold i høve til bruk og tolkning av eigne data, kjelder og sitering
  • Mestre akademisk skriving
  • Arbeide i et team

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen
Krav til forkunnskapar

Studenten må ha bestått følgjande emne før ein kan melde seg til PSYK250

Innføringsemne:

  • PSYK111 Innføring i psykologi og psykologiens historie
  • PSYK113 Innføring i metode

Spesialiseringsemne:

Studenten må ha bestått PSYK206 seinast same semester som ein tar PSYK250.

Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet krev studierett på bachelorprogrammet i generell psykologi.
Arbeids- og undervisningsformer

Emnet er bygd både på individuell rettleiing og rettleiing i grupper. Det er også noko valfri og obligatorisk undervisning. Rettleiinga vil skje ved personleg kontakt og via internett.

Som hovudregel skal prosjektoppgåva skrivast i grupper på to eller tre studenter avhengig av tilgjengelige prosjekter og veilederstab i fagmiljøa ved institutta. På det obligatoriske orienteringsmøtet vil studentane bli presentert for moglege prosjekt, og det tilstrebast at desse blir fordelt på studentane i tråd med studentane sine prioriterte ønskjer. Dersom studentan(e) ikkje ønskjer å skrive i grupper innanfor dei tilbodne prosjekta, må studentan(e) sjølve ta ansvar for å finne eit prosjekt og ein rettleiar ved fakultetet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Følgjande aktiviteter er obligatorisk for PSYK250 Bacheloroppgåve i generell psykologi:

- Orienteringsmøte i starten av semesteret.

- Skriftleg rettleiingskontrakt som skal inngås mellom student og ein vitskapleg tilsett ved Det psykologiske fakultet innan 30. januar. Rettleiing på bacheloroppgåva er obligatorisk og tema for oppgåva skal godkjennast av emneansvarlig.

- Ein munnleg presentasjon av bacheloroppgåva og deltaking på heile presentasjonsdagen den dagen studenten er satt opp til å ha presentasjon (det vil vere 1 eller 2 presentasjonsdagar, avhengig av tal studentar). Emneansvarleg for PSYK250 deltar på den munnlege presentasjonen av bacheloroppgåva og er ansvarleg for godkjenning av presentasjonen.

- Kurset i APA-standard.

Vurderingsformer
Bacheloroppgåve (max. 7000 ord eksklusive abstract, referansar, appendix, figur/tabell-tekst og tabellverk).
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
APA boka og "Oppgaveskriving for psykologistudenter" utgjer den felles pensumlitteraturen. I tillegg inngår sjølvvalt litteratur på 800-1000 sider. Sjølvvalt litteratur skal godkjennast av rettleiar.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Emneansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet