Gå til innhold
English A A A
Emne PSYK301

Organisasjonsutvikling: Tradisjonelle og kritiske perspektiv

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Annan kvar haust
Krav til forkunnskaper

Emnet er ein del av masterprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi.

Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningssemester

Annan kvar haust

Undervisningsspråk

Norsk

Læringsmål

Med utgangspunkt i tonegjevande teoriar og metodar vil ein gje studentane innsyn i kva faktorar ein bør leggje vekt på for å forstå og utvikle grupper og organisasjonar. Føremålet er å gje studentane eit grunnlag for kritisk refleksjon kring ulike teoretiske perspektiv og modellar, samt praktiske metodar for organisasjonsutvikling. Nyare, kritiske perspektiv på organisasjonsutvikling vil bli lagt vekt på (kritisk teori, maktteori, kompleksitetsteori, sjølvteoriar).

Fagleg innhald

Emnet skal gje studentane oversikt over og innsikt i sentrale sider ved organisasjonsutvikling, inklusive omstillingar og nedbemanningar. Omgrepet organisasjonsutvikling har ulike meiningsinnhald. Her er fokus retta mot organisasjonar som sosiale system, og som har verdiskaping for sine interessentar som hovudmål. Men organisasjonar er også arena for folk sin arbeidsinnsats, ein plass der dei utviklar seg, og kor dei kan bli sjuke. Organisasjonars endringar har stor verknad på dei som har sin arbeidsplass der, noko som gjer det naudsynt å forstå korleis utvikling kan leiast inn i gunstige retningar, både for eigarar, tilsette og brukarar.

Krav til forkunnskapar

Emnet er ein del av masterprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi.

Læremiddelomtale

Anbefalt litteratur på 1000 sider skal presentere sentrale teoriar, metodar og drøftingar som omhandlar organisasjonsutvikling på gruppe- og organisasjonsnivået, i tillegg til kritisk organisasjonsteori og kompleksitetsteori.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vert gitt i form av tre samlingar/seminar over tre dagar med førelesingar, gruppearbeid og diskusjonar. I tillegg vert det studentaktivitetar i mellomperiodane. Det er obligatorisk deltaking på all undervisning og aktivitetar i og mellom samlingane.

Obligatoriske aktivitetar (særskilde krav)

Ingen

Evaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering skal skje minimum kvart 3. semester.

Vurdering / eksamensformer

Skriftleg eksamen på 4 timar.

Ved fastsetjing av karakteren vil det bli nytta ein gradert karakterskala frå A til F.

Fagleg ansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi