Intervensjonar i grupper og organisasjonar 1: Leiar- og teamutvikling
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Annan kvar vår |
| Krav til forkunnskaper | Det er ein føresetnad at studentane har teke PSYK301 og kommer endring. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningssemester
Annan kvar vår
Undervisningsspråk
Norsk
Læringsmål
Med utgangspunkt i tonegjevande teoriar og metodar vil ein gje studentane innsyn i kva faktorar ein lyt leggje vekt på for å forstå og utvikle grupper og organisasjonar. Føremålet er å gje studentane innsyn i både teoriar for leiing og sosiale grupper og praktiske metodar for utvikling av leiarar og grupper.
Fagleg innhald
Emnet skal gje studentane oversyn over og innsyn i sentrale metodar og problemstillingar knytt til leiar- og teamutvikling. Metodar som dette er forankra i teoretiske tradisjonar innan klinisk psykologi, sosial- og arbeidspsykologi. Dette emnet tar føre seg desse tradisjonane for betre å forstå grunnlaget for dei praktiske intervensjonane som er i bruk innan dette fagområdet.
Krav til forkunnskapar
Det er ein føresetnad at studentane har teke PSYK301 og kommer endring.
Læremiddelomtale
Anbefalt litteratur på omlag 750 sider skal presentere sentrale teoriar, metodar og drøftingar som omhandlar utvikling av leiarar og team (grupper). I tillegg til læringsretta litteratur vil teori om sjølvregulering, sjølvet, og menneskeleg utvikling bli inkludert.
Undervisningsmetodar
Undervisninga vert gitt i form av tre samlingar/seminar over to dagar med førelesingar, gruppearbeid og diskusjonar. I tillegg vert det studentaktivitetar i mellomperiodane. Det er obligatorisk deltaking på all undervisning og aktivitetar i og mellom samlingane.
Obligatoriske aktivitetar (særskilde krav)
Ingen
Evaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering skal skje minimum kvart 3. semester.
Vurdering / eksamensformer
Studentane skal levere inn, i fire eksemplar, ei semesteroppgåve på 10-15 sider.
Ved fastsetjing av karakteren vil det bli nytta ein gradert karakterskala frå A til F.
Fagleg ansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi