Intervensjonar i grupper og organisasjonar 2: Konflikthandtering og arbeidsmiljøutvikling
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Annan kvar vår |
| Krav til forkunnskaper | Det er ein føresetnad at studentane har teke PSYK301 og kommer endring. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningssemester
Annan kvar vår
Undervisningsspråk
Norsk
Læringsmål
Med utgangspunkt i tonegjevande teoriar og metodar vil ein gje studentane innsyn i kva faktorar ein lyt leggje vekt på for å forstå og handtere konfliktar, samt ivareta og betre arbeidsmiljø. Føremålet er å gje studentane innsyn i både teoriar og modellar for konflikthandtering og arbeidsmiljøutvikling og praktiske metodar for slikt utviklingsarbeid.
Fagleg innhald
Emnet skal gje studentane oversyn over og innsyn i sentrale metodar og problemstillingar knytt til konflikthandtering og arbeidsmiljøutvikling. Konfliktar kan vere vanskeleg å unngå, og til tider ønskelege i organisasjonar. Menneske som arbeider saman over lengre tid vil bli konfrontert med at dei har ulike interesser og synspunkt. Dette skapar dynamikk i organisasjonar, men kan også skapa problem om det ikkje blir handsama på ein teneleg måte. Når det gjeld arbeidsmiljø, så kan dette utvikle seg til ein ressurs om det vert styrt på rett måte. Dette emnet tar føre seg dei forskingsbaserte tradisjonane som er mest sentrale og betydingsfulle innan desse fagfelta.
Krav til forkunnskapar
Det er ein føresetnad at studentane har teke PSYK301 og kommer endring.
Læremiddelomtale
Anbefalt litteratur på omlag 750 sider skal presentera sentrale teoriar, metodar og drøftingar som omhandlar konfliktar, konflikthandtering, og psykososialt arbeidsmiljø.
Undervisningsmetodar
Undervisninga vert gitt i form av tre samlingar/seminar over to dagar med førelesingar, gruppearbeid, rollespel, og diskusjon. I tillegg vert det studentaktivitetar i mellomperiodane. Det er obligatorisk deltaking på all undervisning og aktivitetar i og mellom samlingane.
Obligatoriske aktivitetar (særskilde krav)
Ingen
Evaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering skal skje minimum kvart 3. semester.
Vurdering / eksamensformer
Studentane skal levere inn, i fire eksemplar, ei semesteroppgåve på 10-15 sider.
Ved fastsetjing av karakteren vil det bli nytta ein gradert karakterskala frå A til F.
Fagleg ansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi