Gå til innhold
English A A A
Emne PSYK305

Rolla som endringsagent i praksis; Prosjektarbeid i organisasjonar

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Det vert gitt undervisning og rettleiing annan kvart vårsemester.
Krav til forkunnskaper

Det er ein føresetnad at studentane har teke PSYK301 og kommer endring.

 

Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningssemester

Det vert gitt undervisning og rettleiing annan kvart vårsemester.

Undervisningsspråk

Norsk

Læringsmål

Emnet skal gje studentane oversyn over og innsyn i sentrale problemstillingar knytt til rolla som endringsagent, innhaldet i slikt arbeid og etiske spørsmål knytt til det. Med utgangspunkt i teori og modellar skal studenten få innsyn i kva roller han/ho kan gjere bruk av som organisasjonsrådgjevar og problem knytt til rolleavgrensing (rollekonflikt og rolleuklårleik), og etiske dilemma i rolla som endringsagent.

Fagleg innhald

Studentane skal ta på seg eit avgrensa utviklingsprosjekt i ein praksisorganisasjon som skal gå over eitt semester. Studentane skaffar seg ein praksisorganisasjon og eit konkret utgreiingsarbeid. Tematikken i dette praksisarbeidet bør vere knytt til den planlagde masteroppgåva. Det vil føreliggje ein instruks for gjennomføringa av utgreiingsarbeidet og dokumentasjon av dette. Ved utføring av prosjektarbeidet vil studenten ha ein rettleiar ved avdelinga, og ein internrettleiar i praksisorganisasjonen. Det vil føreliggje ein rettleiarinstruks.

Krav til forkunnskapar

Det er ein føresetnad at studentane har teke PSYK301 og kommer endring.

 

Læremiddelomtale

Anbefalt litteratur på 500 sider skal presentere sentrale teoriar, metodar og drøftingar som handlar om rolla som endringsagent, samt etiske problemstillingar knytt til denne rolla.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vert gitt i form av tre samlingar/seminar over to dagar med førelesingar, gruppearbeid og diskusjon. I tillegg kjem eit praktisk utviklingsarbeid i ein spesifikk organisasjon. Til dette vert det gitt inntil 6 timar rettleiing i grupper. Det vert dermed stor studentaktivitet i mellomperiodane. Det er obligatorisk deltaking på undervisninga og aktivitetar i og mellom samlingane.

Obligatoriske aktivitetar (særskilde krav)

Ingen

Evaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering skal skje minimum kvart 3. semester.

Vurdering / eksamensformer

Studentane skal levere inn ein rapport på 2-5 sider som dokumenterer prosjektarbeidet. I tillegg skal det skrivast eit eksamenspaper på maks 20 sider som er ein kritisk analyse og drøfting av praksisen. Ved fastsetjing av karakteren vil det bli nytta ein gradert karakterskala fra A til F.

Fagleg ansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi.