Gå til innhold
English A A A
Emne PSYK350

Masteroppgåve i arbeids- og organisasjonspsykologi

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 45
Undervisningssemester Annan kvar haust og annan kvar vår
Krav til forkunnskaper

Emnet PSYK306 Forskingsmetode må vere bestått.

Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningssemester

Annan kvar haust og annan kvar vår

Undervisningsspråk

Norsk

Læringsmål

Mastergradsoppgåva skal vere ei vitskapleg avhandling som byggjer på eit sjølvstendig studium av relevant teori og empiri.

Fagleg innhald

Gjennom forskingspraksis skal masteroppgåva gje studentane djupare innsikt i teori og empiri på eit avgrensa område. Oppgåva skal utvikle studentane sine evner til ei kritisk handsaming av avgrensa problemstillingar ved hjelp av vitskaplege metodar. I denne forskingspraksisen vert det og lagt stor vekt på oppgåveløysing gjennom samarbeid studentane imellom. Det vert stilt krav til ei skriftleg framstilling i tråd med ei vitskapleg avhandling som følgjer APA-standarden.

Krav til forkunnskapar

Emnet PSYK306 Forskingsmetode må vere bestått.

Undervisningsmetodar

Alle studentar som er tekne opp på mastergradsstudiet ved Institutt for samfunnspsykologi, og som har dei forkunnskapane som er gjort greie for over, har rett til rettleiing i arbeidet med mastergradsoppgåva. Ein tilrår at studentar skriv masteroppgåva saman med ein annan student. Rettleiinga er regulert gjennom ein nærare spesifisert rettleiingsavtale.

Obligatoriske aktivitetar (særskilde krav)

Ingen

Evaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering av undervisninga skal skje minimum kvart 3. semester.

Vurdering / eksamensformer

Mastergradsoppgåva skal skrivast i tråd med APA-standarden (A-4, 1,5 linjeavstand, venstre-, topp-, og botnmarg, minst 2,5 cm). Referanseliste og appendiks kjem i tillegg. Omfanget skal vere på 50-60 tekstsider (rettleiande). Oppgåva skal skilje seg frå artikkelforma ved at innleiinga har ein breiare gjennomgang av litteratur og ein meir omfattande presentasjon av bakgrunn og problemstillingar enn det som kjenneteiknar artikkelformatet. Likeins skal diskusjonen vere meir inngåande enn det som er vanleg for artikkelformatet. Dei andre delane av oppgåva skal følgje APA-standarden. Dvs at det skal vere eit samandrag på norsk og på engelsk, kvart på om lag 200 ord. MA-oppgåva kan og skrivast på engelsk.

Det vert forventa at forfattarane, der det er meir enn ein, medverkar med tilnærma likeverdig innsats i arbeidet.

På den skriftlege MA-oppgåva blir det sett ein felles karakter for alle kandidatar. Ved fastsetjing av karakter på det skriftlege arbeidet blir det nytta ein gradert karakterskala frå A til F. Det vert gjeve ei tilbakemelding på oppgåva til kandidatane i fellesskap etter karakterfastsetjinga.

Frist for innlevering er den 15. mai i vårsemesteret.

Fagleg ansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi