Intern nevropsykologisk praksis

Fakta om studiet

EmnekodePSYK385
Studiepoeng3
UndervisingssemesterVår, Haust
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for biologisk og medisinsk psykologi

Mål og innhald

Målet med emnet er at studentane gjennom praksis skal utdjupe det som er formidla i emnet PSYK381 og integrere dette med den kliniske kunnskapen dei har skaffa seg i løpet av studiet. Samla skal dei to emnene gje den grunnleggjande kunnskapen i klinisk nevropsykologi som er naudsynt på ulike arbeidsfelt for psykologar, men òg leggje eit grunnlag for dei som seinare ønskjer spesialistutdanning i klinisk psykologi med nevropsykologi som fordjupingsområde.

Studentane skal kunne:

  • kjenne til korleis ein kan identifisere og vurdere skadar og sjukdomar i nervesystemet.
  • reflektere over kva dei sjølv kan gjere av diagnostikk, behandling og tilvising til andre instansar.

Undervisningssemester

Haust og vår

Institutt

Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Krav til forkunnskapar

Studentane må ha fullført emnet PSYK381 for å kunne starte på PSYK385. Emnet er ein del av profesjonsstudiet. For å komme inn på profesjonsstudiet krevjast årsstudiet i psykologi (60 studiepoeng).

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Praksisundervisninga er eit emne som går over 2 samanhengande veker. Studentane vert delt inn i smågrupper og tilvisast ein rettleiar. Studentane vil få ei innføring i administrasjon av psykologiske testar, korleis dei kan nyttast som del av ei nevropsykologisk vurdering, korleis dei tolkast og følgjast opp med konkrete tiltak/etablering av samarbeidsrelasjonar. Fire pasientar med ulike problemstillingar vil granskast i kvar praktikum gruppe. Studentane er med i observasjon og diskusjon omkring alle pasientane, men fordeler hovudansvar for den einskilde pasient. Under rettleiing har studenten ansvar for anamneseopptak av «sin» pasient, innhenting av annan relevant informasjon, oppsummering og tolking av resultat, samt diskusjon av diagnostiske og behandlingsmessige implikasjonar av det som kjem fram i undersøkinga. Praksisperioden endar med at studentane legg dette fram til drøfting på eit internt fagmøte. Eigenaktivitet og bruk av tidlegare klinisk erfaring er særskild viktig, og rettleiar vel sjølv metodar for å fremja dette.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Sjå vurdering/eksamensformer

Vurderingsformer

Studentane må delta aktivt i praksisperioden og ha minst 80% frammøte for å få bestått PSYK385.

Studentane må òg få godkjend føredraget som dei har holde, og samandraget av bakgrunns- og anamnestiske opplysningar. På slutten av praksisperioden legg studenten fram eit kasus som skal drøftast på eit internt fagmøte. Framleggjinga må godkjennast for at studenten skal få bestått emnet. Kvar student må også vere med på eitt av fagmøta til ei av dei andre praktikumgruppene sitt kull.
Bestått/ikkje bestått.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering av undervisninga skal skje minimum kvart 3. semester.