Introduksjon til petroleum- og prosessteknologi
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Haust (Fargekode: grønn) |
| Fagleg overlapp | Ingen |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Ved fullført emne PTEK100 skal studenten kunne:
- beskrive korleis olje og gass blir danna, funne, utvunne, transportert og prosessert
- beskrive grunnleggjande geologi, hydrokarbonsystem, petroleumsleiting, produksjonsteknologi og strøymingseigenskapar for olje og gass i eit porøst medium
- rekne ut hydrokarboninnhald og produksjonskapasiteten til eit enkelt reservoar ved hjelp av ein enkel analytisk reservoarmodell
- beskrive transport- og prosessanlegg for olje og gass, med vekt på instrumentering, fleirfase, separasjon og sikkerheitsteknologi
- rekne på enkle problem innanfor strøyming i rør og varmeoverføring
Kontaktinformasjon
Studieveileder.ppt@ift.uib.no
Fagleg ansvarleg
Førsteamanuensis Bjørn Arntzen, e-post: bjorn.arntzen@ift.uib.no og førsteamanuensis Geir Ersland, e-post: geir.ersland@ift.uib.no
Undervisningssemester
Haust (Fargekode: grønn)
Eksamenssemester
Skriftleg eksamen berre ein gong i året - haust.
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Mål og innhald
Emnet inneheld to delar. Petroleumsdelen omtalar grunnleggande geologi, hydrokarbonsystem, innføring til petroleumsleiting, strøymningseigenskapar for olje og gass, og produksjonsteknologi. Prosessteknologidelen omtalar gassprosessering og -transport, instrumentering, sikkerheit, fleirfase- og pulverteknologi. Ekskursjon til Hydro Sandsli, Mongstad og Kollsnes.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført emne PTEK100 skal studenten kunne:
- beskrive korleis olje og gass blir danna, funne, utvunne, transportert og prosessert
- beskrive grunnleggjande geologi, hydrokarbonsystem, petroleumsleiting, produksjonsteknologi og strøymingseigenskapar for olje og gass i eit porøst medium
- rekne ut hydrokarboninnhald og produksjonskapasiteten til eit enkelt reservoar ved hjelp av ein enkel analytisk reservoarmodell
- beskrive transport- og prosessanlegg for olje og gass, med vekt på instrumentering, fleirfase, separasjon og sikkerheitsteknologi
- rekne på enkle problem innanfor strøyming i rør og varmeoverføring
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Matematikk 1+2, Fysikk 1 og Kjemi 1.
Fagleg overlapp
Ingen
Obligatoriske arbeidskrav
3 øvingar og 2 ekskursjonar. Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i 7 semester (undervisningssemesteret + 6 påfølgande semester).
Vurderingsformer
2 timar fleirvalgseksamen med bokstavkarakterar. Ingen hjelpemiddel tillate. Skriftleg eksamen berre en gong i året - haust. Berre studentar med gyldig fråvær har rett til et nytt forsøk i påfølgende semester.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Studieveileder.ppt@ift.uib.no