Gå til innhold
English A A A
Emne PTEK241

Introduksjon til fleirfasesystem

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Vår
Fagleg overlapp Ingen
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Læringsutbyte

Ved fullført emne PTEK241 skal studenten kunne:

  • kvantifisere utvekslinga av bevegelsesmengde, varme og materiale i dei separate fasene og mellom fasene i fleirfasesystem
  • rekne ut responstider og koplingsparameter for fleirfasesystem og forklare kva betydning det har for modellering av prosessar som involverer slike system
  • forklare problemstillingane kring formuleringa av bevegelsesmengde-, energi- og materialbalansar for fleirfasesystem
  • forklare og rekne på dei basale typane kjemiske einfasereaktorar i prosessindustrien
  • forklare og rekne på dei basale typane kjemiske fleirfasereaktorar i prosessindustrien, spesielt reaktorar med ein fast katalysator

Kontaktinformasjon

Studieveileder.ppt@ift.uib.no

Fagleg ansvarleg

Professor Alex Hoffmann, alex.hoffmann@ift.uib.no

Undervisningssemester

Vår

Eksamenssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Mål og innhald

Emnet gir ein innføring til fleirfasesystem i prosessindustrien. Emnet omfattar: Impulstransport i og mellom kontinuerlege (fluid) og disperse (boblar, dråpar eller faste partiklar) faser, nytta på fleirfase strøymningsfenomen. Varme- og masseoverføring mellom kontinuerte og disperse faser, nytta til dømes på kontakttårn. Kjemisk reaksjon med samstundes transport av moment, varme og masse mellom fasane, nytta på fleirfasereaktorar.

Læringsutbyte/resultat

Ved fullført emne PTEK241 skal studenten kunne:

  • kvantifisere utvekslinga av bevegelsesmengde, varme og materiale i dei separate fasene og mellom fasene i fleirfasesystem
  • rekne ut responstider og koplingsparameter for fleirfasesystem og forklare kva betydning det har for modellering av prosessar som involverer slike system
  • forklare problemstillingane kring formuleringa av bevegelsesmengde-, energi- og materialbalansar for fleirfasesystem
  • forklare og rekne på dei basale typane kjemiske einfasereaktorar i prosessindustrien
  • forklare og rekne på dei basale typane kjemiske fleirfasereaktorar i prosessindustrien, spesielt reaktorar med ein fast katalysator

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PTEK202, PTEK203. MAT212 er også ein fordel.

Fagleg overlapp

Ingen

Obligatoriske arbeidskrav

Midtsemesterprøva er gyldig i 1 semester (undervisningssemesteret). I semester kor undervisning ikkje vert tilbydd gjeld avsluttande eksamen 100% av endeleg karakter.

Vurderingsformer

Midtsemesterprøve (25%) og 4 timar skriftleg avsluttande eksamen (75%). Hjelpemiddel: Godkjend kalkulator.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studieveileder.ppt@ift.uib.no