Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, og norrøn og samisk religion

Fakta om studiet

EmnekodeRELV105
Studiepoeng15
UndervisingssemesterVår
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@ahkr.uib.no

Mål og innhald

Studenten skal gjennom studiet tileigna seg eit oversyn over nokre av dei viktigaste religionane i Midtausten, Middelhavslanda og Norden i eldre tid. Studenten skal også tileigna seg ytterlegare kunnskap gjennom studiar av eit utval tekstar knytt til dei enkelte religionane.

Emnet gir ei innføring i Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, herunder egyptisk og mesopotamisk religion, gresk og romersk religion, og norrøn og samisk religion. RELV105 er ein tilrådd del av spesialiseringa i religionsvitskap, men kan der faglege grunner tilseier det, skiftast ut med eit anna fagleg relevant 15 stp.-emne frå eit anna fag. Emnet kan inngå som ei sjølvstendig eining i ein bachelorgrad.

Læringsutbyte

Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskap
- tileigna seg kunnskap om dei viktigaste religiøse førestellingane og rituala i mesopotamisk, egyptisk, gresk og romersk religion, religionane i hellenistisk tid og den romerske keisartida, samt norrøn og samisk førkristen religion
- verta kjend med eit utval tekstar knytte til dei einskilde religionane
- ha kjennskap til dei viktigaste religionsvitskaplege problemstellingane knytte til studiet av desse religionane.

Ferdigheiter
Studenten skal kunna
analysera fagstoff på norsk og engelsk om desse religionane og trekkja eigne slutningar
- søkja, vurdera og gjera bruk av informasjon om desse religionane på ein kritisk måte
- skriva ein resonnerande tekst innan dette fagfeltet.

Generell kompetanse
Studenten skal kunna
- utvikla vidare dei kunnskapane, tame og innsiktene som studiet har gjeve gjennom vidare studiar og arbeidsliv
- bringa vidare til andre informasjon og teoriar frå dette kunnskapsfeltet.

Undervisningssemester

Vår

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ein stor del av pensumlitteraturen er på engelsk. Studenten bør ha gode engelskkunnskapar.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisning skjer i form av 15 forelesingar à to timar. Dersom ressursane tillet det vert det organisert arbeidsseminar og kollokviegrupper, leia av timelærarar eller undervisningsassistentar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal til fastsett tid levera inn ei skriftleg oppgåve. Oppgåva skal vera på om lag 1000 ord og studentane får to veker til å skrive oppgåva. Oppgåva vert vurdert til godkjend/ikkje-godkjend. Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å gå opp til eksamen.

Alle obligatoriske aktivitetar må gjennomførast i same semester. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemestret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen består av ei munnleg prøve.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. Eksamen vert avvikla i kvart semester.

Læremiddelomtale

Pensum vert utarbeidd av instituttet og omfattar om lag 1000 sider. Undervisning og eksamen baserer seg på denne litteraturen.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet vert det regelmessig organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil ligga til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.