Religionsvitenskap: Spesialiseringsemne med semesteroppgåve
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust og vår.Undervisninga skjer etter ein syklus som er nærare bestemt i presentasjonen av dei enkelte temaalternativa. Opplysningar om undervisningstilbodet finst i Studentportalen. |
| Fagleg overlapp | Tilsvarande tema på RELV202SEM |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:
Kunnskap
Djupnekunnskap innafor temaet.
Kunnskap om temaets historie, tradisjonar og eigenart.
Kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innafor temaet.
Ferdigheiter
Evne til å analysere fagstoff og trekke eigne slutningar.
Evne til å granske kritisk eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innafor temaet.
Evne til å finne relevant fagleg informasjon.
Evne til å skrive ein resonnerande tekst om temaet.
Evne til å kommunisere om faglege tema innafor eit fagfellesskap.
Generell kompetanse
Generell innsikt i temaet.
Erfaring med å utvikle faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innafor temaet.
Kontaktinformasjon
studieveileder@ahkr.uib.no
Undervisningssemester
Haust og vår.
Undervisninga skjer etter ein syklus som er nærare bestemt i presentasjonen av dei enkelte temaalternativa. Opplysningar om undervisningstilbodet finst i Studentportalen.
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Master
Institutt
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar som er tatt opp til masterstudiar ved Universitetet i Bergen.
Mål og innhald
Studenten skal få fordjupa kunnskapar på eit spesielt område av historisk eller systematisk karakter.
Studenten skal velja eit av fleire moglege temaalternativ, som representerer ei spesialisering på enkelte religionar eller religiøse fenomen, eller på tema av systematisk eller teoretisk karakter. Nærare omtale av dei enkelte tema får ein i Informasjonsheftet for religionsvitskap, utgitt av Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR). Oppdatert informasjon om kva tema som vert undervist i ulike semester finst i Studentportalen.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:
Kunnskap
Djupnekunnskap innafor temaet.
Kunnskap om temaets historie, tradisjonar og eigenart.
Kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innafor temaet.
Ferdigheiter
Evne til å analysere fagstoff og trekke eigne slutningar.
Evne til å granske kritisk eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innafor temaet.
Evne til å finne relevant fagleg informasjon.
Evne til å skrive ein resonnerande tekst om temaet.
Evne til å kommunisere om faglege tema innafor eit fagfellesskap.
Generell kompetanse
Generell innsikt i temaet.
Erfaring med å utvikle faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innafor temaet.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Avlagt eksamen i RELV101 og minst eit av dei andre emna på 100-nivå er sterkt å tilrå. Andre krav til forkunnskapar er gjort greie for under omtalen av dei enkelte temaalternativa.
Fagleg overlapp
Tilsvarande tema på RELV202SEM
Undervisning og omfang
Utanom forelesings- eller seminarrekker vil undervisninga i temaa kunne skje i form av rettleiing.
Obligatoriske arbeidskrav
Obligatorisk aktivitet knytt til undervisninga. Sjå dei enkelte temaalternativa for nærare opplysingar. Alle eventuelle obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å kunne møte til eksamen.
Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
Eksamen består av to komponentar: ei semesteroppgåve og ein justerande munnleg eksamen. Innlevering av semesteroppgåva skal skje elektronisk.
Eksamen er open for studentar utan studierett etter søknad til Studieadministrativ avdeling.
Karakterskala
Det vert nytta ein gradert skala frå A til F, der F er ikkje bestått.
Læremiddelomtale
Pensum vert utarbeidd av instituttet og omfattar om lag 1200-1500 sider. Undervisning og eksamen baserer seg på denne litteraturen.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetre studiet vert det organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.
Kontaktinformasjon
studieveileder@ahkr.uib.no