Hjem

Utdanning

Masteremne

Religion og kunst

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeRELV333
  • Talet på semester1
  • Språk Norsk (Skandinavisk: norsk og svensk)
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master 

Undervisningssemester

Kurset blir gjeve to gonger, haustsemestra 2015 og 2019.

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

 Kursets mål er å gje ei innføring i:

¿ hovudtypane av to- og tredimensjonal kunst og av arkitektur innafor hinduisme, buddhisme, jødedom, kristendom og islam;

¿ dei viktigaste ulikskapane i synet på kunst innafor kvar og ein av desse fem religionane;

¿ overtydingar og debattar om kunst innafor desse fem religionane;

¿ metodar og teoretiske perspektiv i studiet av religion og kunst;

¿ korleis religiøs kunst blir nytta i populærkultur og reklame; og

¿ korleis religiøs kunst blir nytta i religionskritikk.

Læringsutbyte

 Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskapar

¿ ein generell kunnskap om hovudtypar av kunst, om ulikskapar i synet på kunst, og om overtydingar og debattar om kunst innafor hinduisme, buddhisme, jødedom, kristendom og islam;

¿ ein generell kunnskap om metodar og teoretiske perspektiv i studiet av religiøs kunst;

¿ kunnskap om korleis religiøs kunst blir nytta i populærkultur, reklame og religionskritikk; og

¿ evne til å analysere religiøs kunst med hjelp av nokre sentrale religions- og kunstvitskaplege metodar og teoretiske perspektiv;

¿ evne til å setja kunnskapane om religiøs kunst inn i vidare religionsvitskaplege samanhengar.

Ferdigheiter

¿ evne til å finne fram til kjelder om problemstillingar innanfor fagfeltet på eiga hand;

¿ evne til å analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar;

¿ evne til å skriva ein resonnerande tekst;

¿ evne til å formidla informasjon om fagfeltet til andre både skriftleg og munnleg.

Generell kompetanse

Evne til å skaffa seg informasjon på eiga hand, til å vurdera han kritisk og vitskapleg og til å bringa han vidare til andre på forståeleg vis.

Krav til forkunnskapar

 

Tilrådde forkunnskapar

Det meste av pensum er på engelsk. Studenten treng derfor gode engelskkunnskapar. 

Studiepoengsreduksjon

 Emnet har fullt overlapp med RELV233

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle studentar som er tekne opp til eit mastergradsstudium ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Normalt 10 forelesingar à to timar pluss 5 seminar à fire timar, totalt 40 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Ingen

Vurderingsformer

 Eksamen er ei skriftleg prøve på seks timar. Prøva har to komponentar: 10 spørsmål som skal svarast på kort og eit essay.

Både spørsmåla og essayet må fylle eit minimumskrav for at studenten skal få greidd karakter på eksamen. Minimumskravet på spørsmålsdelen er 5 poeng (det er mogleg å få 0, 1/2 eller 1 poeng på kvart spørsmål .

Spørsmåla tel 20 prosent og essayet tel 80 prosent i karaktersetjinga.

Karakterskala

I vurderinga vert det nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er ikkje bestått 

Litteraturliste

 Pensum er på omkring 1000-1500 sider. Det meste av pensum er på engelsk.

Emneevaluering

 Emnet vert evaluert kvar haust.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no