Religionsvitskap mastergradsoppgåve
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 60 |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Fagleg innhald
Masteroppgåva skal vera eit sjølvstendig arbeid som skal visa forståing, refleksjon og modning. Vidare skal masteroppgåva visa
- at studenten kan framskaffa og behandla eit kjeldemateriale
- at studenten er fortruleg med vitskapleg teori og metode
- at studenten meistrar litteratursøking, gjennomgang og bruk av forskingslitteratur.
Emnet for masteroppgåva skal veljast i samråd med rettleiar. Prinsipielt kan eitkvart religionsvitskapleg relevant emne veljast, men for å vera sikra rettleiing, bør studenten velja eit emne i tilknytting til dei områda som er representerte blant faglærarane. Studenten bør velja emne og problemstillingar som han eller ho ut frå andre fagstudiar har særlege føresetnader for å arbeida med. Det vil vera naturleg å sjå val av spesialiseringsemne (RELV302), innhaldet i RELV303 (15 frie studiepoeng) og emnet for masteroppgåva i samanheng.
Omfanget av masteroppgåva skal ligga mellom 70 og 110 sider.
Arbeidet med masteroppgåva er normert til to semester.
Obligatoriske aktivitetar (særskilde krav)
Emnet har obligatoriske aktivitetar knytte til (a) prosjektførebuing og (b) mastersymposium:
a) Prosjektførebuing:
Studentane skal utarbeida eit prosjekt for masteroppgåva. Prosjektskissa skal visa at studenten [1] har god kunnskap om forskingshistoria og kan plassere prosjektet innanfor forskingshistoria, [2] har ein klar, overkommeleg og høveleg avgrensing av materialet og [3] har ein realistisk gjennomføringsplan. Prosjektskisse, ca. 2000-3000 ord, vert vurdert som "bestått", "bestått med reservasjon" eller "ikkje bestått" av lærarkollegiet. Prosjektskissa bør framleggas seinast i 3.semester i programmet.
b) Mastersymposium:
Studenten skal legga fram utkast til to kapitla av oppgåva si i eit mastersymposium som vert arrangert av Instituttet. Det bør skje høvesvis i det første og andre semesteret av oppgåveskrivinga (3. og 4. semester i programmet). Samtidig skal studenten kommentera minst to utkast til kapitla skrivne av medstudentar i symposiet.
Mastersymposia verte arrangerte seks gongar i løpet av eit normert mastergradsstudium, ein gong kvar haust og to gongar i løpet av vårsemesteret. Får å få desse godkjende må man ha minst seks oppmøtepoeng i løpet av studiet, kor ein heil dag reknas som to poeng og ein halv dag som eit poeng.
Evaluering
I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet vert det organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil ligga til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.
Vurdering / eksamensformer
Masteroppgåva får eigen karakter. Deretter vert mastergraden avslutta med ein munnleg eksamen som tar utgangspunkt i masteroppgåva. Denne munnlege karakteren kan justera karakteren på masteroppgåva med éin karakter opp eller ned. Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F.