Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsstudier

Bacheloroppgåve i systematisk religionsvitskap

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeRELVI250
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og engelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studenten skal få kjennskap til psykologiske og sosialvitskaplege tilnærmingar til religionsforskinga (religionspsykologi, religionssosiologi, religionsantropologi) og utvikle sin kjennskap til samanliknande religionsvitskap. Studenten skal skrive ei samanliknande oppgåve basert på ei problemstilling, som kombinerer teoretiske spørsmål og empiri frå forskjellige religiøse tradisjonar.

RELVI250 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i religionsvitskap.

Trykk her for informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne skal studenten

- ha kjennskap til sosialvitskaplige forståingar av religion

- ha kunnskap om sentrale omgrep innafor religionsforsking

- ha kjennskap til fagets viktigaste oppslagsverk, leiande tidsskrift og andre forskingsresursar

 

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal studenten

- kunne behandle religiøse fenomen på ein systematisk måte

- kunne vurdere likskapar og ulikskapar i religiøse fenomen på tvers av fleire religionar

- kunne kombinere teoretisk innsikt og empirisk kunnskap

- kunne søke, behandle og vurdere informasjon kritisk

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal studenten

kunne planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver om nye tema

kunne utføre prosjektbasert arbeid

kunne arbeide både sjølvstendig og som deltakar i ei gruppe

kunne behandle store mengder informasjon og litteratur innafor avgrensa tid

Krav til forkunnskapar

Exphil og ex.fac skal vere avlagt. Studentane skal ha tatt RELV101 samt to andre emne i religionsvitskap tilsvarande 30 studiepoeng.

Tilrådde forkunnskapar

Studenten bør ha gode engelskkunnskapar ettersom ein stor del av pensumlitteraturen er på engelsk.

Krav til studierett

 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Normalt 10-14 forelesingar og/eller seminar à to timar, framleggseminar og UB-kurs. Tilbod om rettleiing av bacheloroppgåva.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Presentasjon av prosjekt på eit symposium som vert arrangert 4-6 veker før innlevering. Nærare opplysningar om symposiet og krav til presentasjonane vert kunngjorde på Mitt UiB minst ein månad i forkant.

Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemestret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen består av to deler; ein breiddetest og ei bacheloroppgåve.

Del 1: Breddetest: Tre timar breiddetest (skriftleg skuleeksamen) arrangert midtveis i semesteret. Informasjon om tidspunkt for breddetesten blir kunngjort på Mitt UiB. Breiddetesten består av spørsmål knytt til ulike delar av fellespensum. På kvart spørsmål er det mogleg å få 0, 1/2 eller 1 poeng, og for å få bestått denne delen av testen må kandidaten ha klart minst 50 % av den totale poengsummen.

Del 2: Bacheloroppgåve:

Bacheloroppgåva skal på ein komparativ måte kaste lys over eit grunnleggjande religionshistorisk/religionsvitskapleg problem, fenomen eller omgrep. Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på 5000-7000 ord.

Eksamensdel 1, breddetesten, tel 20% av den totale karakteren i vurderinga, og eksamensdel 2, bacheloroppgåva, tel 80% av den totale karakteren i vurderinga. Begge eksamensdeler må vere avlagt og bestått i eit og same undervisningssemester.

Obligatoriske arbeidskrav må vere gyldige for å få vurdert eksamen.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum omfattar 1200-1500 sider, der 300-500 sider er sjølvvalde i samband med bacheloroppgåva og om lag 700 sider er fellespensum utarbeidd av instituttet. Undervisning og eksamen baserer seg på denne litteraturen.

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet vert det regelmessig organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil ligga til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no