Klassisk retorikk

Fakta om studiet

EmnekodeRET102
Studiepoeng15
UndervisingssemesterVår
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i den klassiske retorikken som språkbrukslære og som historisk og kulturelt fenomen i antikken. Ein får eit oversyn over retorikkteoretiske hovudverk, frå Aristoteles' Retorikk (c. 330 f.Kr.) til Augustins De doctrina christiana (c. 400 e.Kr.), og kjennskap til retorikken si rolle i utdanning, litteratur og politikk. Ein vil óg kome inn på retorikken si vidareføring i mellomalderen og fram mot renessansen og opplysningstida. Gjennom analysar av teksteksempel får ein innsikt i tilhøvet mellom retorisk teori og praksis.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar. I tillegg skal studentane bidra med munnlege presentasjonar av ulike delar av pensum.

Om lag 26 timar. Førelesingar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen, må studentane ha bestått ei obligatorisk oppgåve og ein faktatest.

Undervisningssemester

Vår

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsstad

Bergen

Læringsutbyte

Studentane skal få grundig kjennskap til klassisk retorikk i både historisk og systematisk perspektiv. Emnet skal gje innsikt i retorikken som fagtradisjon og kulturell faktor i antikken og gjere studentane i stand til å sjå samanhengar mellom historisk-kulturell situasjon og utviklinga av teoretiske og didaktiske omgrep.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Generell studiekompetanse.

Læremiddelomtale

Pensum er på omlag 1000 sider. Det består av 1) ei innføring i klassisk retorikk 2) eit utval antikke tekstar, henta frå lærebøker og frå talar og andre typar litteratur, og 3) eit utval vitskaplege artiklar. Faglærar orienterer dessutan om hjelpemiddel i form av handbøker og leksika, internettressursar m.m. som studentane vil ha nytte av i studiet.

Vurderingsformer

Eksamen består av 7 dagars heimeeksamen. Heimeeksamen skal ha eit omfang på 8-10 sider.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.