Gå til innhold
English A A A
Emne RUS100

Grunnkurs i skriftleg og munnleg russisk

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Haust
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Læringsutbyte

Studentane skal tileigna seg hovudlinene i moderne russisk grammatikk og uttale.

Kurset skal gje nok dugleik til at studentane kan lesa og skriva enkle tekstar og føra ein enkel samtale på russisk.

Alt på dette nivå skal studentane få innsikt i russisk kultur og samfunn, og dei skal vera godt budde til vidare studium i russisk.

RUS100 gjev grunnlag for vidare studium i russisk, men kan også koma til nytte i ei rekkje andre studium, yrke og yrkeskombinasjonar.

For studentar som ikkje kan dokumentera kunnskapar tilsvarande RUS100, er RUS100

eit obligatorisk emne for å kunna ta vidare studium innan russisk bachelor (RUS111, RUS112, RUS113, RUS154, RUS211 og RUS212).

Språk og kommunikasjon (EXFAC00SK) er eit obligatorisk emne for studentar som vil ta ein Bachelorgrad i russisk.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no eller studieveileder@if.uib.no

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Mål og innhald

Kurset gjev ei elementær innføring i hovudlinene i russisk språk og realia og skal danna eit godt grunnlag for vidare studium i russisk.

Læringsutbyte/resultat

Studentane skal tileigna seg hovudlinene i moderne russisk grammatikk og uttale.

Kurset skal gje nok dugleik til at studentane kan lesa og skriva enkle tekstar og føra ein enkel samtale på russisk.

Alt på dette nivå skal studentane få innsikt i russisk kultur og samfunn, og dei skal vera godt budde til vidare studium i russisk.

RUS100 gjev grunnlag for vidare studium i russisk, men kan også koma til nytte i ei rekkje andre studium, yrke og yrkeskombinasjonar.

For studentar som ikkje kan dokumentera kunnskapar tilsvarande RUS100, er RUS100

eit obligatorisk emne for å kunna ta vidare studium innan russisk bachelor (RUS111, RUS112, RUS113, RUS154, RUS211 og RUS212).

Språk og kommunikasjon (EXFAC00SK) er eit obligatorisk emne for studentar som vil ta ein Bachelorgrad i russisk.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande forkunnskapar i setningsanalyse er sterkt tilrådd.

Undervisning og omfang

Kurset går over heile semesteret /12 veker med minimum 8 timar undervisning i veka. Undervisningsforma vil vera førelesingar kombinerte med øvingar, omsetjing, lesevurdering, samtalar og liknande.

Obligatoriske arbeidskrav

Studentane må levera 70 % av dei skriftlege innleveringsarbeida.

Vurderingsformer

Ein avsluttande skriftleg eksamen på 4 timar pluss munnleg eksamen.

Ved samanrekning av samla karakter for dei to eksamensdelane tel den skriftlege eksamen 70 % og den munnlege 30 %. Begge delar må vera greidde.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Ei begynnarbok vert gjennomgått. I tillegg kjem praktisk fonetikk og enkel konversasjon på russisk.

Undervisningssted

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluera undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no eller studieveileder@if.uib.no