Gå til innhold
English A A A
Emne RUS211

Russisk språk og skriftleg omsetjing

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår
Fagleg overlapp Fullt overlapp med RUS201
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til forkunnskapar

Begge disiplinane i RUS211 byggjer på RUS100, RUS111, RUS112, RUS113 og RUS114, og det vert kravt faglege føresetnader som svarer til desse emna.

Læringsutbyte

Emnet består av dei to disiplinane Russisk grammatikk og Skriftleg omsetjing.

Russisk grammatikk:

Studentane skal verte i stand til å analysera russisk språkstruktur og vil ha erverva seg gode kunnskapar i russisk grammatikk.

Skriftleg omsetjing:

Studentane skal ha oppnådd god dugleik i omsetjing av varierte tekstar frå norsk til russisk.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no eller studieveileder@if.uib.no

Fagleg overlapp

Fullt overlapp med RUS201

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Mål og innhald

Studentane skal gjennom ei språkvitskapleg tilnærming få god innsikt i strukturen i utvalte emne i russisk språk, og skal utdjupa dugleiken i omsetjing frå norsk til russisk.

RUS211 skal òg danna eit godt fundament for vidare studium i russisk.

Studentane skal få ei forståing av språket sin plass og rolle i eit språkleg så vel som samfunnsmessig perspektiv.

Læringsutbyte/resultat

Emnet består av dei to disiplinane Russisk grammatikk og Skriftleg omsetjing.

Russisk grammatikk:

Studentane skal verte i stand til å analysera russisk språkstruktur og vil ha erverva seg gode kunnskapar i russisk grammatikk.

Skriftleg omsetjing:

Studentane skal ha oppnådd god dugleik i omsetjing av varierte tekstar frå norsk til russisk.

Krav til forkunnskapar

Begge disiplinane i RUS211 byggjer på RUS100, RUS111, RUS112, RUS113 og RUS114, og det vert kravt faglege føresetnader som svarer til desse emna.

Undervisning og omfang

Kurset Russisk grammatikk går over eit heilt semester med 4 timar undervisning i veka. Undervisningsforma vil vera forelesingar.

Kurset Skriftleg omsetjing går over eit heilt semester med 2 timar undervisning i veka. Undervisninga vil vera gjennomgang av skriftlege arbeid og øvingar.

Obligatoriske arbeidskrav

Det vert kravd at studentane leverer minst 70 % av dei skriftlege innleveringsarbeida.

Vurderingsformer

Russisk grammatikk: Skriftleg eksamen på 4 timar. Svara på oppgåvene skal skrivast på norsk.

Skriftleg omsetjing: Skriftleg eksamen på 4 timar.

Eksamen går over to dagar. Ved samanrekning av samla karakter i dei to disiplinane tel Russisk grammatikk 60 % og Skriftleg omsetjing 40 %. Studenten må ha ståkarakter i begge disiplinane.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Utvalte emne frå ein høveleg grammatikk, supplerte med språkvitskapleg litteratur.

Undervisningssted

Bergen og St. Petersburg

Emneevaluering

Studentene skal evaluera undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no eller studieveileder@if.uib.no