Gå til innhold
English A A A
Emne RUS212

Russisk litteratur og munnleg russisk

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår
Fagleg overlapp Fullt overlapp med RUS202
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Russisk litteratur: Norsk

Munnleg russisk: Russisk

Krav til forkunnskapar

For å avleggja eksamen i RUS 212, vert det kravt at studentane har teke RUS100, RUS111, RUS112, RUS113 og RUS154.

Læringsutbyte

Studentane skal ha god kunnskap om sentrale periodar og problemstillingar i russisk litteratur.

Dei skal øva opp dugleik i kritisk lesing og vurdering av pensumstoffet.

I tillegg skal studentane vidareutvikla dugleik i munnleg russisk slik at dei kan kommunisera i ein russiskspråkleg kontekst.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no eller studieveileder@if.uib.no

Fagleg overlapp

Fullt overlapp med RUS202

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsspråk

Russisk litteratur: Norsk

Munnleg russisk: Russisk

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Mål og innhald

Kurset er todelt. Russisk litteratur er ei fordjuping i sentrale emne og skal danna eit godt grunnlag for vidare studium i russisk litteratur.

Munnleg russisk skal vidareutvikla kommunikasjonsevna til studentane.

Læringsutbyte/resultat

Studentane skal ha god kunnskap om sentrale periodar og problemstillingar i russisk litteratur.

Dei skal øva opp dugleik i kritisk lesing og vurdering av pensumstoffet.

I tillegg skal studentane vidareutvikla dugleik i munnleg russisk slik at dei kan kommunisera i ein russiskspråkleg kontekst.

Krav til forkunnskapar

For å avleggja eksamen i RUS 212, vert det kravt at studentane har teke RUS100, RUS111, RUS112, RUS113 og RUS154.

Undervisning og omfang

Kurset Russisk litteratur går over eit heilt semester med 3-4 timar undervisning i veka. Undervisningsforma vil vera forelesingar og tekstgjennomgang munnleg og skriftleg av pensumtekstar.

Kurset Munnleg russisk går over eit heilt semester med 4 timar undervisning i veka. Undervisningsforma vil vera konversasjon og språklege øvingar med den russiske språkpedagogen.

Obligatoriske arbeidskrav

Studentane må møta på rettleiing i samband med essayet.

Vurderingsformer

Russisk litteratur: mappe (1 essay og ein skriftleg kunnskapsprøve i slutten av semesteret). Essayet, på ca. 2000 ord, skal leverast til fastsett frist.

Munnleg russisk: Munnleg eksamen som inneheld lesing og omsetjing av eit tekstavsnitt frå pensum og deretter ein samtale på russisk.

Ved samanrekning av samla karakter for dei to disiplinane tel Russisk litteratur 70 % (av dette tel essayet 70% og kunnskapsprøva 30%) og Munnleg russisk 30 %.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Pensum omfattar skjønnlitterære tekstar på russisk og eit utval av relevant sekundærlitteratur.

Undervisningssted

Bergen og St. Petersburg

Emneevaluering

Studentene skal evaluera undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no eller studieveileder@if.uib.no