Russisk språkhistorie og språkstruktur

Fakta om studiet

EmnekodeRUS301
Studiepoeng15
UndervisingssemesterHøst
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk/russisk
Ressursar
TilhørerInstitutt for fremmedspråk

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no

Mål og innhald

RUS301 gir ei grundig innføring i ei språkvitskapleg tilnærming til det russiske språket. Emnet inneheld to delar - språkhistorie og moderne russisk språkstruktur. Studentane blir presenterte for hovudtrekka i russisk språkhistorie, og det vert lagt særskilt vekt på å syna den relevansen språkutviklinga har for moderne standardrussisk og russiske dialektar. Samstundes gir kurset eit oversyn over teksttypar og litterær aktivitet frå kristninga inntil 1800-talet. Utvalde tekstar og tekstdøme blir lesne og gått gjennom. Den andre delen av kurset gir ei språkvitskapleg tilnærming til moderne russisk språkstruktur.

Mål og innhald

RUS301 gjev ei grundig innføring i ei språkvitskapleg tilnærming til det russiske språket. Emnet inneheld fire delar, 1. språkhistorie, 2. tekstutdrag på kyrkjeslavisk og gamalrussisk, 3. moderne russisk språkstruktur og 4.evt. andre emne, som språk og samfunn, og dialektar.

Studentane blir presenterte for hovudtrekka i russisk språkhistorie, og det blir lagt særskilt vekt på å syna den relevansen språkutviklinga har for moderne standardrussisk og russiske dialektar. Samstundes gjev kurset eit oversyn over teksttypar og litterær aktivitet frå kristninga inntil 1800-talet. Utvalde tekstar og tekstdøme blir lesne og gått gjennom. Kurset byggjer vidare opp ei språkvitskapleg forståing for moderne russisk språkstruktur og presenterer sentrale emne innanfor moderne russisk sosiolingvistikk og/eller dialektologi.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane

  • ha ei oversikt over russisk språkhistorie og kunna beskriva dei viktigaste språkendringane i russisk.
  • ha opparbeidd dugleik i å lesa og vurdera språkvitskapleg litteratur, både på russisk og på andre språk.
  • ha innsikt i sentrale språkendringar og språkvariasjonar over tid og i rom og kunna forklara tilhøvet mellom standardspråk og dialektar og mellom skriftspråk og talemål.
  • ha oversikt over utviklinga av det russiske skriftspråket og av den russiske skriftkulturen og litteraturen før 1800.
  • kunna nemna dei viktigaste skilnadene mellom nord- og sør-russiske dialektar.
  • ha ei grundig forståing av moderne russisk språkstruktur og utdjupa kunnskapar om enkeltemne, som morfologisk analyse o.a.
  • ha oppøvd ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar, som er naudsynt for arbeid med ei masteroppgåve om russisk språk.

Læringsutbyte

Etter fullført emne: Studentane

  • har ei oversikt over russisk språkhistorie og kan beskriva dei viktigaste språkendringane i russisk.
  • har opparbeidd dugleik i å lesa og vurdera språkvitskapleg litteratur, både på russisk og på andre språk.
  • har innsikt i sentrale språkendringar og språkvariasjonar over tid og i rom og kan forklara tilhøvet mellom standardspråk og dialektar og mellom skriftspråk og talemål.
  • har oversikt over utviklinga av det russiske skriftspråket og av den russiske skriftkulturen og litteraturen før 1700.
  • har innsikt i sentrale emne innanfor moderne russisk sosiolingvistikk og/eller dialektologi.
  • kan nemna dei viktigaste skilnadene mellom nord- og sør-russiske dialektar.
  • har ei god forståing av moderne russisk språkstruktur og utdjupa kunnskapar om enkeltemne, som morfologisk analyse o.a.
  • har oppøvd ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar, som er naudsynt for arbeid med ei masteroppgåve om russisk språk.

Undervisningssemester

Haust

Studienivå (studiesyklus)

Master

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i russisk ved UiB.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i russisk eller tilsvarande

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i russisk eller tilsvarande.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar og tekstgjennomgang

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

To doble timar kvar veke med førelesingar og tekstgjennomgang.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det vert kravd oppmøte til minst 70 % av all undervisning.

To obligatoriske innleveringar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd oppmøte til minst 70% av all undervisning og to obligatoriske innleveringar.

Vurderingsformer

Eksamen er ein seks timars skuleeksamen. Dei to innleveringane må vera godkjende før studentane kan gå opp til eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, kor F er stryk.

Læremiddelomtale

Russisk språkhistorie og språkstruktur har eit primærpensum og eit sekundærpensum. Primærpensum inneheld tekstar og tekstutdrag, sekundærpensum er sett saman av utvalde lærebokkapittel og artiklar frå faglitteraturen.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.