Tekst og skriftleg russisk
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- RUS302
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk, russisk og evt engelsk ved behov.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å stadfeste språkkjensla og forbetre studenten sine språklege ferdigheiter, først og fremst i det skriftlege, ved å utvida ordforrådet og praktisere språket i ein akademisk kontekst.
Studiet tar opp tema som essayskriving, vitskaplege tekstsjangrar, omsetjing av avanserte tekstar, og bruk av fagspesifikt akademisk vokabular på russisk.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har god innsikt i eit russisk akademisk omgrepsapparat og kunnskap om korleis ein byggjer opp og formulerer eit akademisk essay på russisk.
- har god kunnskap om det valde temaet for heimeessayet.
Ferdigheiter
Studenten
- har utvikla ferdigheiter i å lese og forstå tekstar innan ulike sjangrar, med hovudvekt på vitskaplege tekstar og sakprosa.
- har opparbeidd praktiske ferdigheiter i å utforme akademiske tekstar gjennom arbeidet med heimeessayet og førebuinga til skuleessayet.
- har øvd opp ferdigheiter i å omsetje forholdsvis avanserte tekstar til og frå russisk.
Generell kompetanse
Studenten
- har utvida sitt generelle aktive og passive russiske ordforråd og tileigna seg eit meir fagspesifikt akademisk vokabular.
- har god innsikt teori og praksis knytt til omsetjing til og frå russisk.
- har fått god trening i å lese og utforme akademiske tekstar og er godt budd på å skrive ei masteroppgåve innan russiskfaget.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Normalt tjue dobbelttimar med kursbasert essayskriving og omsetjingsøvingar. Undervisninga omfattar skriftleg omsetjing til og frå russisk, teoretisk og praktisk oppøving i essayskriving på russisk og tekstarbeid.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk innlevering av 70% av omsetjingane, 7 av totalt 10, og av disposisjon og førsteutkast til heimeoppgåva (essayet).
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Studentane skal lese eit fellespensum à ca 3-400 sider med variert sakprosa og eit særpensum à ca. 100 sider. Særpensumet blir sett saman av studentane i samråd med faglærar og dannar grunnlaget for heimeessayet.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
1) Under arbeidet med heimeessayet kan ein nytte alle hjelpemiddel.
2) På skoleeksamen: ei russisk-russisk ordbok.