Gå til innhold
English A A A
Emne RUS303

Særemne i russisk språk-, litteratur- eller kulturvitskap

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

RUS303 er eit fordjupingsstudium i eitt eller fleire sentrale emne innafor russisk språk, litteratur og kultur. Fagmiljøet gir undervisning i ulike særemne, alt etter kva lærarressursar som er til rådevelde. Døme på tema for særemne kan vera dialektologi, intonasjon, språkleg variasjon, russisk språk etter pestrtroika, avantgarden i russisk litteratur, moderne russisk prosa, den russiske romanen på 1800-talet, Kaukasus-temaet i russisk litteratur (fortid og nåtid), Peterburgmyten i russisk litteratur og kultur.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne skal studentane

  • ha solide kunnskapar om det utvalde emnet innafor russisk språk, litteratur og/eller kultur.
  • ha øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til lærestoffet.
  • ha utvikla teoretisk innsikt i temaet og i problemstillingar, som kan koma til nytte i arbeidet med masteroppgåva.
  • ha fått øving i å omsetja russiske sakprosatekstar til norsk.
  • ha fått god trening i akademisk framstilling, både skriftleg og munnleg og både på russisk og på norsk, gjennom skriftlege oppgåver (omsetjingar og essay), eit seminarinnlegg på russisk og diskusjon.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk/russisk

Studienivå

Master

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i russisk ved UiB.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i russisk eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådd startgrunnlag er RUS301 og RUS302 eller tilsvarande emne.

Undervisning og omfang

Førelesingar, seminar og individuell rettleiing.

Obligatoriske arbeidskrav

Minst 70 % oppmøte til undervisning. Eit munnleg innlegg på russisk og fire omsetjingar (to norsk-russisk og to russisk-norsk) av pensum-relaterte tekstar.

Vurderingsformer

Mappevurdering: Ei skriftleg heimeoppgåve/eit essay som skal skrivast på norsk, ein skriftleg versjon av det munnlege innlegget (på russisk) og ei kort skriftleg kunnskapsprøve (3 timar). Svara på kunnskapsprøva kan skrivast på norsk eller russisk. Ved fastsetjing av samla karakter tel dei 3 delane likt.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F der F er stryk.

Læremiddelomtale

Omfanget på pensumet vil variera med emnet.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Undervisning og program blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no