Gå til innhold
English A A A
Emne RUS350

Masteroppgåve i russisk

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 60
Undervisningssemester Vår/haust
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid i spesialdisiplinen til studenten (russisk språk, litteratur eller kultur) og kan med fordel ha tilknyting til eit av dei valte masteremna. I oppgåva skal studenten dokumentera evne til sjølvstendig, kritisk og metodisk arbeid og meistre den framstillings- og dokumentasjonsteknikken som høver for emnet. Oppgåva skal normalt skrivast på norsk eller russisk, med eit samandrag på engelsk.

Læringsutbyte/resultat

Ved fullført mastergrad skal kandidaten

  • ha brei generell kunnskap innnfor faget og dybdekunnskapar innnfor eit avgrensa område.
  • ha grunnleggjande kunnskap om dei sentrale problemstillingane og metodane i den valde disiplinen.
  • kunna arbeida sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar
  • kunna setja seg inn i og vurdera kritisk teoriar, metodar og tolkingar innnfor fagområdet.
  • kunna skaffa seg og nytta kunnskap på nye område innnfor faget og nytta forskingsbibliotek.
  • kunna gjennomføra eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer.
  • kjenna normene for akademisk skriving.
  • kunna bruka IKT-verktøy som er naudsynte for å gjennomføra eit sjølvstendig arbeid innafor fagområdet - sjølvstendig kunna halda fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering.
  • kunna uttrykkja på russisk faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innafor eige fagområde
  • kjenna til relevante kommunikative sjangrar.
  • kunna ta del i den offentlege debatten der denne rører ved fagområdet.

Undervisningssemester

Vår/haust

Undervisningsspråk

Norsk/russisk

Studienivå

Master

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i russisk ved UiB.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i russisk eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådd startgrunnlag for masteroppgåva er kursdelen av mastergradsstudiet i russisk.

Undervisning og omfang

Masteroppgåva blir til vanleg skriven i løpet av det tredje og fjerde studiesemesteret. Prosjektskisser og utkast til delar av masteroppgåva blir lagde fram på oppgåveseminar (work-in-progress-seminar), der studentane mellom anna vil få rettleiing i formelle og metodiske aspekt ved oppgåveskrivinga. Studentane skal på ein aktiv måte ta del i oppgåveseminaret, både ved å presentera eigne bidrag og ved å ta del i diskusjonar om det andre legg fram. Det er spesielt viktig at studentane tek del i dette seminaret dei to semestra dei arbeider med oppgåva.

Studenten får rettleiing under arbeidet med masteroppgåva. Ein rettleiingskontrakt som gjer nærare greie for rettar og plikter, skal skrivast under av student, rettleiar og instituttleiar. Studentane blir oppmoda til å finna eit tema for masteroppgåva, i samråd med faglærarane, så tidleg som mogleg i andre semester.

Obligatoriske arbeidskrav

To innlegg på oppgåveseminaret

Vurderingsformer

Eksamen er todelt: i) innlevering av masteroppgåve og ii) munnleg eksamen. Den munnlege eksamen vert halden etter sensur av oppgåva. Under munnleg eksamen skal studentane presentera oppgåva på 10-15 minutter med føljande spørsmål og diskusjon. Munnleg eksamen skal gå føre seg på russisk (for kandidatar med russisk som førstespråk går eksaminasjonen føre seg på norsk). Den munnlege prøva er justerande (ein karakter opp eller ned).

Endeleg mastergradseksamen (d.v.s. innlevering av masteroppgåva og avsluttande munnleg prøve) kan gjennomførast i byrjinga og slutten av kvart semester. Innleveringsfrist for masteroppgåva er 1. februar og 15. mai i vårsemesteret, og 1. september og 20. november i haustsemesteret.
Masteroppgåva skal vera på mellom 70 og 110 sider.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no