Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsemne

Faglege tilnærmingsmåtar og ideologiar i studiet av politikk

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet har som mål å gjere studentane kjende med faglege og normative tilnærmingar til studiet av politikk.

Første hovudtema i kurset tek opp klassiske og nyare politiske ideologiar med særleg vekt på tilhøvet mellom ideologiar og det demokratiske idealet. Studenten vert her introdusert for liberalisme, konservatisme, kommunisme, sosialisme og fascisme, samt nyare normativ teori knytt til frigjeringsideologiar og identitetspolitikk, grøn ideologi og politisk islam.

Andre del av kurset introduserer den historiske bakgrunnen og utviklinga til samfunnsvitskapane med vekt på det som er relevant for å forstå det statsvitskapelege perspektivet. Emnet tek opp klassiske tema og sentrale tilnærmingsmåtar for å forklare samfunnsliv og politikk, samt sentrale vitskapsteoretiske spørsmål. Det introduserer studenten for ulike syn på kva vitskapeleg forklaring er og har som mål å gjere studenten kjend med ulike metodologiske tilnærmingar.

Kurset skal formidle forståing av tilhøvet mellom vitskapeleg forklaring og normative tilnærmingar til samfunnsspørsmål og politikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har eit generelt oversyn over politiske ideologiar og metodologiske tilnærmingar.
  • kjenner til den historiske konteksten for og intellektuelle utviklinga til politiske ideologiar som liberalisme, konservatisme, kommunisme, sosialisme, fascisme, frigjeringsideologiar og identitetspolitikk, grøn ideologi og politisk islam.
  • kan gjere greie for ulike former for vitskapeleg forklaring og metodologiske tilnærmingsmåtar i samfunnsfaga, samt tilhøvet mellom samfunnsvitskapeleg forklaring og normativ argumentasjon.

Ferdigheiter

  • Studenten skal kunne drøfte sjølvstendig og analytisk kva som er likt og ulikt mellom dei ulike politiske ideologiane, og kva som er likt og ulikt mellom ulike metodiske tilnærmingar i samfunnsvitskapane.

Generell kompetanse

  • Studenten kan skrive ei akademisk drøftingsoppgåve, i tråd med gjeldande normer for akademisk skriving.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar og seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei obligatorisk oppgåve, maksimalt 1500 ord. Oppgåva må være godkjend før ein kan gå opp til eksamen. Obligatoriske arbeid som er godkjende har inga tidsavgrensing

Vurderingsformer

Heimeeksamen 3 dagar, maksimalt 3000 ord.

Karakterskala

A-F

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Emnet vert evaluert etter gjeldande retningsliner ved UiB og instituttets evalueringsplan.

Administrativt ansvarleg

Institutt for samanliknande politikk

Institutt

Institutt for samanliknande politikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@isp.uib.no / 55583316

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Innleveringsfrist
    15.12.2017, 17:00
    Trekkfrist
    29.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen