Stats- og nasjonsbygging

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Studentane skal tileigne seg ei grunnleggjande forståing av føresetnadane for og stadia i stats- og nasjonsbygging i Norden, Europa elles og andre delar av verda. Vidare skal emnet gje ei integrert innføring av denne utviklinga som eit forhold mellom institusjonar og aktørar i tid og rom.

Emnet gjev ei teoretisk innføring i dei historiske og strukturelle vilkåra for stats- og nasjonsbygging. Det gir ei empirisk skildring av nordiske og europeiske politiske system og deira utvikling og struktur, og samanliknar denne utviklinga med døme frå andre delar av verda. Gjennom dette gjev emnet ei brei teoretisk og empirisk innføring i samanliknande politikk som vektlegg samspelet, utviklinga og variasjonane i stat- og nasjonsbygging på tvers av regionar. Det vert gjeve ein oversikt over fasane i statsbygging og nasjonsdanning, utforming av dei viktigaste elementa i politiske system og konfliktlinjer som ligg til grunn for partisystem. Emnet legg vekt på variasjonar mellom land og korleis likskap og ulikskap kan blir forklart.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten kan

  • skildre dei grunnleggjande historiske og strukturelle vilkåra for stats- og nasjonsbygging i Norden og Europa, og kontrastera desse ved døme frå andre regionar i verda
  • skildre empirisk politiske system og deira utvikling og struktur, og sjå denne utviklinga som eit forhold mellom institusjonar og aktørar i tid og rom

Ferdigheiter 

Studenten kan

  • analysere samspelet, utviklinga og variasjonane i stats- og nasjonsbygging i Norden og Europa
  • sjå dei nordiske og andre europeiske stats- og nasjonsbyggingsprosessane i lys av likande prosesser i andre delar av verda
  • samanlikne land med vekt på variasjonar mellom land og korleis likskap og ulikskap kan forklarast

Generell kompetanse

Studenten kan

  • halde empiriske døme opp mot modellar, teoriar og kategoriar
  • skrive faglege tekstar basert på prinsippa for akademisk skriving og god kjeldebruk

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
  • SAMPOL110 (10 sp)
  • SAMPOL105, SAMPOL106 og SAMPOL107 har 10 studiepoeng overlapp med SAMPOL120
  • Krav til studierett
    Emnet er ope for studentar ved UiB
    Arbeids- og undervisningsformer

    Form: Førelesingar og seminar

    Timer per veke: rundt 4

    Mengd veker: rundt 14

    Obligatorisk undervisningsaktivitet

    Deltaking på seminar (minimum 70 %) og ei emneoppgåve på maksimalt 3000 ord.

    Begge undervisningsaktivitetane må være godkjende før ein kan gå opp til eksamen.

    Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav har inga tidsavgrensing.

     

    Vurderingsformer

    Ti timars skriftleg heimeeksamen.

    Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
    Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

    Karakterskala
    Karakterskala frå A til F vert nytta.
    Vurderingssemester

    Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

    Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB. Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær kan også studenter med følgende reslutat melde seg:

    • Avbrudd under eksamen
    • Stryk/ikke bestått

    Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Programansvarleg
    Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sammenliknende politikk har det administrative ansvaret for emnet.