Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsemne

Politisk mobilisering

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeSAMPOL107
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Studentane skal tileigne seg ei grunnleggjande forståing av føresetnadane for politisk deltaking og mobilisering, og kva former den politiske mobiliseringa har tatt og tar i dag. Emnet vil særleg konsentrere seg om rolla til sosiale masserørsler, politiske parti og frivillige organisasjonar, samt relasjonane mellom desse hovudformane for politisk mobilisering. Emnet diskuterer òg både formelle og meir uformelle former for mobilisering, som kan vera nokså laust tilknytt dei andre hovudformane eller ikkje tilknytt i det heile, slik som ulike alternative deltakingsformer og former for politisk aktivisme. Emnet vil òg diskutera i kva grad moderne teknologi endrar føresetnadene for politisk mobilisering og kva konsekvensar det eventuelt vil ha for politisk mobilisering og demokratisk styring meir generelt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved fullført emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten kan

  • gjere greie for dei dominerande teoriane om demokratisk deltaking og mobilisering
  • skildre dei grunnleggjande historiske formene for politisk mobilisering, korleis desse formene varierer i struktur og innhald og kva som er samspelet mellom dei
  • vise til mikro- og makroforklaringar på variasjonar i politisk deltaking og mobilisering
  • gjere greie for korleis moderne teknologi endrar føresetnadene for politisk deltaking og mobilisering og kva dette kan ha å seia for makt og innverknad

Ferdigheiter

Studenten kan

  • demonstrere grunnleggjande forståing av føresetnadane for politisk deltaking og mobilisering, og kva former den politiske mobiliseringa har tatt og tar i dag
  • diskutere ulike standpunkt og vurdere ein påstand med utgangspunkt i teoretisk og empirisk kunnskap om politisk deltaking og mobilisering
  • nytte teoretisk kunnskap om politisk deltaking og mobilisering til å vurdere aktuelle empiriske fenomen eller hendingar

Generell kompetanse

Studenten kan

  • diskutere faglege problemstillingar på ein sakleg måte
  • framstille fagstoff skriftleg eller ved hjelp av andre verkemiddel som video/film/animasjon/audiovisuell produksjon, foredrag eller liknande

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

SAMPOL100

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Form: Førelesingar og seminar

Timer per veke: 2 timer førelesing og 2 timer seminar

Mengd veker: 12

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på seminar (minimum 75 %) og to godkjende arbeidsoppgåver, kvar på maksimalt 1500 ord. Arbeidsoppgåvene må være godkjende før ein kan gå opp til eksamen. Ei av oppgåvene kan erstattast av video/film/animasjon/audiovisuell produksjon, foredrag eller liknande etter avtale med emneansvarleg.

Vurderingsformer

3 dagars heimeeksamen, maksimalt 3000 ord.

Karakterskala

Det blir brukt gradert karakterskala frå A til F.

Fagleg overlapp

Full poengreduksjon mot SAMPOL110

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Emnet evaluerast jamleg

Institutt

Institutt for samanliknande politikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@isp.uib.no/ 55583316