Gå til innhold
English A A A
Emne SAMPOL110

Stats- og nasjonsbygging - institusjonar og aktørar

Undervisningsperiode :

  • Inneværende semester

Studiepoeng 30
Undervisningssemester Vår
Fagleg overlapp Studenter som avlegger eksamen i både SAMPOL120 og SAMPOL110 får ein studiepoengreduksjon på 5 poeng. Emnet overlappar også 30 studiepoeng med det gamle grunnfaget (SAPOG)
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse.

Læringsutbyte

Studentane skal ha tileigna seg ei grunnleggjande forståing av dei historiske og strukturelle vilkåra for stat- og nasjonsbygging i Europa, samt ei empirisk skildring av europeiske politiske system og deira utvikling og struktur. Studenten skal kunne sjå denne utviklinga som eit forhold mellom institusjonar og aktørar i tid og rom. Studenten skal ha fått ei teoretisk og empirisk innføring i samanliknande politikk som vektlegg samspelet, utviklinga og variasjonane i stat- og nasjonsbygging i Europa, mønsteret og bølgjerørslene i politisk mobilisering, og utviklingane av og endringane i politiske institusjonar som valsystem, politiske parti og folkevalde organ. Studenten skal kunne skildre og forklare korleis ulike typar av politiske system er bygde opp og fungerer, og fått innsikt i fasane i statsbygging og nasjonsdanning, utforming av dei viktigaste elementa i politiske system, med særleg vekt på politiske institusjonar og konfliktliner som ligg til grunn for partisystem. Studentane skal ha fått kjennskap til variasjonar mellom land og korleis likskap og ulikskap kan forklarast.

Kontaktinformasjon

post@isp.uib.no / studieveileder@sampol.uib.no/ 55583316

Undervisningssemester

Vår

Eksamenssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Bachelor

Institutt

Institutt for samanliknande politikk

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB, men studentar som er tatt opp til bachelorprogrammet i samanliknande politikk, politisk økonomi, europastudier og årsstudiet i samanliknande politikk vert prioritert.

Mål og innhald

Studentene skal tileigne seg ei grunnleggjande forståing av føresetnadane for og stadia i stat- og nasjonsbygging i Europa. Vidare skal kurset gi ei integrert innføring av denne utviklinga som eit forhold mellom institusjonar og aktørar i tid og rom.

Emnet gir ei teoretisk innføring i dei historiske og strukturelle vilkåra for stat- og nasjonsbygging i Europa, samt ei empirisk skildring av europeiske politiske system og deira utvikling og struktur. Gjennom dette gir emnet ei brei teoretisk og empirisk innføring i samanliknande politikk som vektlegg samspelet, utviklinga og variasjonane i stat- og nasjonsbygging i Europa. Emnet tar opp mønsteret og bølgerørslene i politisk mobilisering, og utviklingane av og endringane i politiske institusjonar som valsystem, politiske parti og folkevalde organ. Eit sentralt felt i emnet er å skildre og forklare korleis ulike typar av politiske system er bygde opp og fungerer. Det vert gitt ein oversikt over fasane i statsbygging og nasjonsdanning, utforming av dei viktigaste elementa i politiske system, med særleg vekt på politiske institusjonar og konfliktliner som ligg til grunn for partisystem. Emnet legg vekt på variasjonar mellom land og korleis likskap og ulikskap kan forklarast.

Læringsutbyte/resultat

Studentane skal ha tileigna seg ei grunnleggjande forståing av dei historiske og strukturelle vilkåra for stat- og nasjonsbygging i Europa, samt ei empirisk skildring av europeiske politiske system og deira utvikling og struktur. Studenten skal kunne sjå denne utviklinga som eit forhold mellom institusjonar og aktørar i tid og rom. Studenten skal ha fått ei teoretisk og empirisk innføring i samanliknande politikk som vektlegg samspelet, utviklinga og variasjonane i stat- og nasjonsbygging i Europa, mønsteret og bølgjerørslene i politisk mobilisering, og utviklingane av og endringane i politiske institusjonar som valsystem, politiske parti og folkevalde organ. Studenten skal kunne skildre og forklare korleis ulike typar av politiske system er bygde opp og fungerer, og fått innsikt i fasane i statsbygging og nasjonsdanning, utforming av dei viktigaste elementa i politiske system, med særleg vekt på politiske institusjonar og konfliktliner som ligg til grunn for partisystem. Studentane skal ha fått kjennskap til variasjonar mellom land og korleis likskap og ulikskap kan forklarast.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

SAMPOL100

Fagleg overlapp

Studenter som avlegger eksamen i både SAMPOL120 og SAMPOL110 får ein studiepoengreduksjon på 5 poeng. Emnet overlappar også 30 studiepoeng med det gamle grunnfaget (SAPOG)

Undervisning og omfang

Form: Førelesingar og seminar

Timer per veke: rundt 8

Antal veker: rundt 14 veker

Obligatoriske arbeidskrav

Innlevering av ei øvingsoppgåve. Oppgåva er obligatorisk og må vere godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen i emnet. Deltaking på seminar (minimum 75%).Godkjent obligatorisk oppgåve og deltaking på seminar er gyldig i to undervisningssemestre; det semesteret øvingsoppgåva vart levert samt det påfølgande undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Eksamen består av to deler:

1. Mappeinnhaldet: Det skal leverast inn to emneoppgåver (2000 ord kvar).

2. Seks timar skriftleg skuleeksamen.

Alle eksamensdeler må vere bestått for å få godkjent eksamen i emnet.

Det blir brukt gradert karakterskala frå A til F. Mappeinnhaldet tel 1/2, og skuleeksamenen tel 1/2 av den endelege karakteren. Eksamen startar ved innlevering av mappeinnhaldet, og avsluttast med ein seks timers skriftleg skuleeksamen.

Karakterskala

Det blir brukt gradert karakterskala frå A til F. Mappeinnholdet teller 1/2, og skoleeksamenen teller 1/2 av den endelige karakteren. Eksamen starter ved innlevering av mappeinnholdet, og avsluttes med en åtte timers skriftlig skoleeksamen.

Emneevaluering

Emnet evaluerast regelmessig.

Kontaktinformasjon

post@isp.uib.no / studieveileder@sampol.uib.no/ 55583316