Gå til innhold
English A A A
Emne SAMPOL113

Praksis i samanliknande politikk

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 20
Undervisningssemester Vår/haust
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Mål: Praktikantopphaldet skal bidra til å sjå den faglege kompetansen samanliknande politikk gjev i forhold til aktuelle samfunnsaktørar og arbeidsgivarar. Gjennom observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving skal studentane få høve til å verte meir medvitne på eiga yrkesrolle og yrkeshøve.

Innhald: Studentane deltek i arbeidsoppgåvene i den bedrifta dei er utplassert i. Det er ein føresetnad at dei får høve til å delta i arbeidsoppgåver som er relevante i forhold til deira faglige kompetanse og i forhold til bedriftene sine behov.

Ved semesterstart vert det helde oppstartsseminar med fokus på å bu studentane på praksis, der ein viktig del er å medvitsgjere studentane på sin eigen kompetanse og korleis dei kan nytte denne i praksisen. Vidare går ein igjennom praktiske utfordringar og forslag til løysningar på situasjonar som kan oppstå.

Studentane får rettleiing både frå bedrifta og frå institutt for samanliknande politikk. Kvar student får minimum ein individuell rettleiingstime på instituttet, i tillegg til to fellessamlingar der ein drøftar innsendte utkast på praksisrapporter. Studentane skal i ei kort utgreiing drøfte sin egen kompetanse i forhold til praksisen og reflektere over praksissemesteret. Studentane skal i ein praksisrapport drøfte arbeidsoppgåver og praksisbedrift, samt presentere eitt større utgreiingsarbeid. Ein ventar at studentane leverar to utkast til praksisrapport i løpet av semesteret, og kommenterer på medstudentar sine utkast til praksisrapport.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha avslutta praksisemnet skal studenten kunne:

  • Nytte fagkunnskapane studiet i samanliknande politikk gjev i ein reell arbeidssituasjon.
  • Kombinere teori med erfaringsbasert læring og reflektere over forholdet mellom teori og praksis.
  • Utøve faget gjennom arbeidsrelevant praksis.
  • Forstå korleis bedrifter organiserar arbeidet, og relatera spørsmål knytt til statsvitskap til reelle og aktuelle situasjonar i arbeidslivet.
  • Reflektera meir medvitsfullt over eiga yrkesrolle og yrkeshøve.

Undervisningssemester

Vår/haust

Eksamenssemester

Kun eksamen i semester med undervisning

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Bachelor

Institutt

Institutt for samanliknande politikk

Krav til studierett

Emnet er avgrensa til studentar som har SAMPOL110 og MET102.

Det er høve til å søkje om opptak til SAMPOL113 same semester som ein tek eksamen i SAMPOL110 og MET102.

Opptakskrav

  • Søkjar må ha karakteren C i snitt på fag avlagt under institutt for samanliknande politikk.
  • Søkjarar frå bachelorprogrammet i samanliknande politikk vil verte prioriterte.
  • Normert studieprogresjon vil verte vektlagt.
  • Søkjarar som møter krava ovanfor vil verte vurdert på bakgrunn av søknad og CV, og kan vidare verte vurderte ut i frå intervju.

Søknadsprosedyre

Søknad og CV sendast til Institutt for samanliknande politikk.

Søknadsfrist

15. mai (for vårsemesteret) / 15. november (for haustsemesteret)

Krav til forkunnskapar

MET102 og SAMPOL110

Undervisning og omfang

Form: Seminar og individuell rettleiing

Tal veker: rundt 16 veker

Obligatoriske arbeidskrav

Deltaking på seminar, kommentering på fire medstudentar sine praksisrapportar.

Vurderingsformer

Mappeeksamen:

  • Deltaking etter særskilt avtale inngått mellom student, Universitetet i Bergen og praksisbedrift.
  • Innlevering av praksisrapport 4500-6500 ord.
  • Munnleg presentasjon av praksisrapport

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Emneevaluering

Kvart semester

Kontaktinformasjon

studieveileder@isp.uib.no/ 55583316