Bacheloroppgåve i samanliknande politikk
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust og vår |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Krav til forkunnskapar
Læringsutbyte
Gjennom arbeidet med bacheloroppgåva har studenten, med utgangspunkt i relevant litteratur i faget dei har tileigna seg, fått øving i å gjennomføre eit vitskapleg resonnement og strukturere eit forskingsarbeid innanfor ramma av ein vitskapleg sjanger. Studenten er i stand til å utforme og analysere statsvitskaplege problemstillingar og har tileigna seg kunnskap om sentrale forskingstradisjonar innanfor eit vald forskingsfelt. Studenten kan nytte relevante datakjelder og metodar for datainnsamling og har utvikla evne til kritisk vurdering av kjelder, akademisk argumentasjon og bruk av referansar.
Kontaktinformasjon
post@isp.uib.no / studieveileder@sampol.uib.no/ 55583316
Undervisningssemester
Haust og vår
Eksamenssemester
Haust og vår
Undervisningsspråk
Norsk
Mål og innhald
I løpet av emnet skal studenten skrive ei vitskapeleg oppgåve med utgangspunkt i den faglege innsikta som er utvikla gjennom bachelorstudiet. Oppgåva skal ha grunnfeste i statsvitskapelege tema og perspektiv frå samanliknande politikk. I arbeidet med oppgåva skal studenten utvikle kunnskap om sentrale tema, problemstillingar og forskingstradisjonar innan eit forskingsområde i samanliknande politikk. Bacheloroppgåva bør ha ei komparativt innretting. Studenten kan òg nytte kunnskap tileigna gjennom studiar i andre fag.
Målet med emnet er at studentane skal utvikle evne til å utforme og analysere statsvitskaplege problemstillingar innan eit forskingsområde i samanliknande politikk. Emnet gir innføring i kriteria for sjølvstendig, akademisk tekstproduksjon, og målsetjinga er at studenten skal realisere slike akademiske grunnpremiss gjennom å skrive ei individuell bacheloroppgåve. Studenten får rettleiing av ein fagperson i arbeidet med oppgåva.
Bacheloroppgåva er organisert som eit eige emne for å leggje til rette for fleksibilitet i studentane sine val av tema. Undervisinga kombinerer førelesningar med individuell rettleiing. Introduksjonsførelesningane fokuserer på sentrale aspekt ved oppgåveskriving: metodiske problemstillingar, problemstillingar knytt til sjølve skriveprosessen, litteratursøk, kjeldebruk og akademisk redelegheit. Kvar student får tildelt ein rettleiar. Emnet skal munne ut i eit sjølvstendig skriftleg arbeid utarbeidd av den einskilde studenten under rettleiing.
Læringsutbyte/resultat
Gjennom arbeidet med bacheloroppgåva har studenten, med utgangspunkt i relevant litteratur i faget dei har tileigna seg, fått øving i å gjennomføre eit vitskapleg resonnement og strukturere eit forskingsarbeid innanfor ramma av ein vitskapleg sjanger. Studenten er i stand til å utforme og analysere statsvitskaplege problemstillingar og har tileigna seg kunnskap om sentrale forskingstradisjonar innanfor eit vald forskingsfelt. Studenten kan nytte relevante datakjelder og metodar for datainnsamling og har utvikla evne til kritisk vurdering av kjelder, akademisk argumentasjon og bruk av referansar.
Krav til forkunnskapar
Undervisning og omfang
Førelesningar og rettleiing, individuelt og/eller i gruppe. Kvar student har krav på ein rettleiar som godkjenner oppgåvetema og gir råd i arbeidet med bacheloroppgåva. Studenten kan få opp til 4 rettleiingsmøte. Dette føreset at studenten har søkt om rettleiar innan fastsette fristar som vert opplyst ved semesterstart.
Studentar som allereie har fått tilbod om rettleiing i SAMPOL250 eit semester, har ikkje krav på ny rettleiing i seinare semester. Dette gjeld både studentar som tek emnet om igjen og studentar som utset eksamensinnleveringa.
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen
Vurderingsformer
Individuell bacheloroppgåve på maksimalt 5500 ord. Oppgåva skal skrivast ut frå dei formkrav og tekniske krav som står i pensumheftet for emnet.
Bacheloroppgåva skal skrivast ut frå eit valfritt tema. Instituttet tilrår at studenten velgjer oppgåvetema og problemstilling med utgangspunkt i dei tematiske emna som instituttet til einkvar tid underviser i. Studenten kan velje å ta utgangspunkt i tema som det ikkje blir undervist i, men då i samråd med instituttet.
Ei bacheloroppgåve, som før er innlevert og vurdert, kan ikkje leverast inn til eksamen i SAMPOL250 på nytt med mindre studenten på førehand kan dokumentere for instituttet at oppgåva har gitt svar på nye problemstillingar, og/eller at det er trekt inn nytt empirisk materiale (kjelder/data), og/eller at det er gjort ein radikalt endra analyse av tolkinga av empirien (jf. "Utfyllende grads- og studiereglement for Det samfunnsvitenskapelige fakultet").
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Regelmessig
Kontaktinformasjon
post@isp.uib.no / studieveileder@sampol.uib.no/ 55583316