Gå til innhold
English A A A
Emne SAMPOL306

Masterseminar i samanliknande politikk

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Haust
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Kurset skal gi oversikt over og innsikt i sentrale tema og debattar i samanliknande politikk. Desse omfattar spørsmål knytt til samfunn, politikk og økonomi i både utviklings- og utvikla land. Studentane skal lese og diskutere viktige og kontroversielle innlegg i desse debattane og skrive eigne analyser kor dei oppfordrast til å utvikle sjølvstendige argument. Det vil bli lagt vekt på både på den historiske utviklinga av dei sentrale debattane i disiplinen og på kva som er forskingsfronten for desse debattane i dag.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha avslutta emnet skal studenten kunne:

  • Gjere greie for utviklinga av og dagens status for disiplinen samanliknande politikk
  • Plassere eigne argument, forskingsprosjekt og -interesser inn i denne.
  • Meistre evna til kritisk lesing, skriftleg framstilling og aktiv deltaking i debatt.

Undervisningssemester

Haust

Eksamenssemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Master

Krav til studierett

For studentar som er tatt opp på masterprogram i samanliknande politikk eller tilsvarande

Krav til forkunnskapar

Opptak på master i samanliknande politikk eller tilsvarande

Undervisning og omfang

Form: Seminar

Timar per veke: omlag 2

Tal veker: omlag 13

Totalt timar: omlag 26

Obligatoriske arbeidskrav

Deltaking på 75% av seminara

Vurderingsformer

Mappeeksamen:

Munnleg deltaking 10%

3 essay (a 30%)

Eit essay, som før er innlevert og vurdert, kan ikkje leverast inn til eksamen på nytt med mindre studenten på førehand kan dokumentere for instituttet at oppgåva har gitt svar på nye problemstillingar, og/eller at det er trekt inn nytt empirisk materiale (kjelder/data), og/eller at det er gjort ein radikalt endra analyse av tolkinga av empirien (jf. "Utfyllende grads- og studiereglement for Det samfunnsvitenskapelige fakultet").

Karakterskala

A-F

Emneevaluering

Emnet vert evaluert med jamleg

Kontaktinformasjon

studieveileder@isp.uib.no/ 55583316