Gå til innhold
English A A A
Emne SAMPOL332

Vidaregåande regresjonsanalyse

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Vår - uregelrett
Fagleg overlapp Full studiepoengreduksjon mot SAMPOL312
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Emnet byggjer vidare på SAMPOL305, og tilbyr ein grundigare gjennomgang av dei statistiske teknikkane som vart drøfta der. Det vil óg bli gitt rom for å diskutere andre tilnærmingar i kvantitativ metode. Særskilt vekt vil bli lagt på panel- og flernivåanalyse. Panelmodellar er satt saman av variablar som varierer både i tid og rom. Det same gjer fleirnivåmodellar, men i tillegg fangar dei opp korleis makrofenomen (til dømes land eller kommunar) påverkar mikrofenomen (til dømes individ). Fordelane ved å forlate den eindimensjonale tilnærminga til datamatrisen er utallege: Utvalsstorleiken aukar, fundamentet for årsaksanalysar vert sterkare, problem med økologisk og atomistisk feilslutning forsvinn, sannsynet for å gjere Type I feil vert redusert, problemet med uteletne forklaringsvariablar vert mindre, det er mogleg å teste fleire teoriar på fleire nivå samstundes etc.

Intensjonen med seminaret er å gi ei praktisk forståing for korleis metodane kan nyttast: Undervisninga vil vere satt saman av mange ord og få formlar. Det vil óg bli gitt ei innføring i statistikkprogram som STATA og HLM. Aktiv deltaking frå studentane vert venta.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha avslutta emnet skal studenten kunne:

  • Gjennomføre ein avansert kvantitativ analyse, og presentere resultata av ein slik analyse i eit statistisk essay.
  • Gjere greie for korleis standard regresjonsanalyse kan vidareutviklast til å fange meir komplekse årsakssamanhengar og datastrukturar.
  • Nytta avanserte og spesialiserte statistikkprogram som ein del av den statistiske analysen.
  • Diskutere kritisk ein kvantitativ analyse i ein tidsskriftsartikkel.
  • Meistre dei akademiske krava til skriftleg framstilling av vitskapleg essay.

 

Undervisningssemester

Vår - uregelrett

Eksamenssemester

Vår og haust - uregelrett

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Master

Krav til studierett

Studentar tatt opp på mastergrad i samanliknande politikk

Krav til forkunnskapar

SAMPOL305 eller tilsvarande

Fagleg overlapp

Full studiepoengreduksjon mot SAMPOL312

Undervisning og omfang

Førelesning og seminar

Obligatoriske arbeidskrav

Godkjend metodeark

Vurderingsformer

Statistisk essay (maksimalt 4000 ord).

Eit essay, som før er innlevert og vurdert, kan ikkje leverast inn til eksamen i SAMPOL332 på nytt med mindre studenten på førehand kan dokumentere for instituttet at oppgåva har gitt svar på nye problemstillingar, og/eller at det er trekt inn nytt empirisk materiale (kjelder/data), og/eller at det er gjort ein radikalt endra analyse av tolkinga av empirien (jf. "Utfyllende grads- og studiereglement for Det samfunnsvitskaplege fakultet").

Karakterskala

A - F

Emneevaluering

Jamleg

Kontaktinformasjon

studieveileder@isp.uib.no/ 55583316