Gå til innhold
English A A A
Emne SANT102

Sosialt liv i globalt perspektiv

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk/engelsk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Læringsutbyte

Gjennom emnet skal studenten ha tileigna seg ei oversikt over sentrale debattar i sosialantropologiske studiar av slektskap, familie, hushald, venskap, naboskap og kjønn, med vekt på korleis sosiale relasjonar og institusjonar pregar alle menneske sine liv frå vogge til grav. Studenten skal i tillegg meistre vokabularet og konvensjonane sosialantropologar nyttar i desse studia. Studenten skal vidare kunne gjere greie for sentrale grunnlagsproblem knytt til kulturomsetjing, komparasjon og biologien si rolle i studiet av det sosiale. Gjennom emnet skal studenten ha oppnådd ei klar forståing av at sosialt liv vert utforma og regulert av korleis nære relasjonar er samfunnsmessig strukturert og kulturelt meiningsfylte.

Kontaktinformasjon

Institutt for sosialantropologi

Fosswinckelsgate 6

5007 Bergen

E-post: Studieveileder@sosantr.uib.no

Telefonnr: 55 58 92 50 / 55 58 94 51

Heimeside: http://www.uib.no/antro/

Undervisningssemester

Vår

Eksamenssemester

Undervisningssemesteret og påfølgjande semester

Undervisningsspråk

Norsk/engelsk

Studienivå

Bachelor

Institutt

Institutt for sosialantropologi

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB.

Mål og innhald

I sosialantropologien er det sentralt å forstå korleis menneske organiserar kvardagslivet, og korleis sosiale praksisar i dagleglivet inngår i større samanhengar. Emnet gjev ei konsentrert framstilling av global variasjon i sosiale relasjonar og former for organisasjon, med vekt på familie, hushald, ekteskap, slektskap, venskap, naboskap og kjønn. Slike mellompersonlege relasjonar inngår på ulike vis på høgare nivå av sosial organisasjon. Emnet skal gjere studenten i stand til å kartleggje og analysere sosiale relasjonar på ulike nivå. Undervisninga tek utgangspunkt i at globalt komparative studiar av variasjon i ulike samfunn si omgrepsfesting og organisering av sosiale relasjonar har spelt ei avgjerande rolle i utviklinga av faget sosialantropologi. Emnet gjev ei fordjuping i korleis sosiale relasjonar grip inn i alle menneske sine liv, og korleis dei er vevd inn i kosmologiske førestellingar, økonomiske transaksjonar og maktutøving. Det vert lagt vekt på å kontrastere klassiske sosialantropologiske studiar med døme frå moderne industrisamfunn.

Læringsutbyte/resultat

Gjennom emnet skal studenten ha tileigna seg ei oversikt over sentrale debattar i sosialantropologiske studiar av slektskap, familie, hushald, venskap, naboskap og kjønn, med vekt på korleis sosiale relasjonar og institusjonar pregar alle menneske sine liv frå vogge til grav. Studenten skal i tillegg meistre vokabularet og konvensjonane sosialantropologar nyttar i desse studia. Studenten skal vidare kunne gjere greie for sentrale grunnlagsproblem knytt til kulturomsetjing, komparasjon og biologien si rolle i studiet av det sosiale. Gjennom emnet skal studenten ha oppnådd ei klar forståing av at sosialt liv vert utforma og regulert av korleis nære relasjonar er samfunnsmessig strukturert og kulturelt meiningsfylte.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

SANT100

Undervisning og omfang

Førelesingar, litteratturseminar, etnografisk film og kommentarar til arbeid med skriftlege oppgåver via internett

3-4 timer forelesing pr uke

7-8 ukar

26 timer forelesing totalt

Obligatoriske arbeidskrav

Oppgåveinnlevering undervegs (må vere godkjent for å kunne gå opp til eksamen, oppgåva er gyldig i to semester).

Vurderingsformer

Skuleeksamen 8 timer

Karakterskala

Emnet blir karaktersatt med bokstavkarakterar A-F.

Emneevaluering

Emnet evaluerast kvart undervisningssemester via "Mi Side".

Kontaktinformasjon

Institutt for sosialantropologi

Fosswinckelsgate 6

5007 Bergen

E-post: Studieveileder@sosantr.uib.no

Telefonnr: 55 58 92 50 / 55 58 94 51

Heimeside: http://www.uib.no/antro/