Makt: uttrykk og løyning
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust - fyrste gong hausten 2010 |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk/engelsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Studenten har gjennom emnet tileigna seg ei oversikt over sentrale debattar i sosialantropologiske studiar av makt, med vekt på korleis makt kan kome til uttrykk eller liggje løynd i sosiale tilhøve. Studenten meistrar sentrale omgrep og perspektiv i studiet av makt, legitimitet og motstand og kan ta dei i bruk på eit sjølvstendig vis. Studenten kan vidare gje ei sjølvstendig framstilling av korleis antropologar har nytta desse omgrepa i studiar av spesifikke maktrelasjonar innan eit utval av tematiske område. I tillegg har studenten oppnådd ei kritisk evne til å kjenne att makt, legitimitet og motstand i samfunnsmessig samanheng.
Kontaktinformasjon
Institutt for sosialantropologi
Fosswinckelsgate 6
5007 Bergen
E-post: Studieveileder@sosantr.uib.no
Telefonnr: 55 58 92 50 / 55 58 94 51
Heimeside: http://www.uib.no/antro/
Undervisningssemester
Haust - fyrste gong hausten 2010
Eksamenssemester
Undervisningssemesteret og påfølgjande semester
Undervisningsspråk
Norsk/engelsk
Institutt
Institutt for sosialantropologi
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB.
Mål og innhald
I sosialantropologien er det sentralt å forstå korleis makttilhøve gjennomsyrar sosialt liv og pregar fordelinga av sosiale, kulturelle og økonomiske privilegium i samfunn. Dette emnet handsamar politiske prosessar i sosialt liv med vekt på viktige sosialantropologiske omgrep og perspektiv for analysar av makt, legitimitet, motstand, hegemoni og diskurs. Tydinga av desse omgrepa og perspektiva vert utdjupa ved hjelp av studiefelt der sosialantropologar gjev viktige forskingsmessige bidrag til forståinga av maktforhold. Døme på slike studiefelt er etnisitet, nasjonalisme, identitetspolitikk, staten, organisert vald og konflikt, internasjonal migrasjon, minoritetspolitikk, politiske og sosiale rørsler, og globalisering. Emnet siktar imot å utvikle studenten sine evner til å kjenne at makt, legitimitet og motstand i kvardagslege sosiale relasjonar og sosiale og politiske strukturar som er tekne for gjevne slik at desse kan gjerast til objekt for kritisk analyse.
Læringsutbyte/resultat
Studenten har gjennom emnet tileigna seg ei oversikt over sentrale debattar i sosialantropologiske studiar av makt, med vekt på korleis makt kan kome til uttrykk eller liggje løynd i sosiale tilhøve. Studenten meistrar sentrale omgrep og perspektiv i studiet av makt, legitimitet og motstand og kan ta dei i bruk på eit sjølvstendig vis. Studenten kan vidare gje ei sjølvstendig framstilling av korleis antropologar har nytta desse omgrepa i studiar av spesifikke maktrelasjonar innan eit utval av tematiske område. I tillegg har studenten oppnådd ei kritisk evne til å kjenne att makt, legitimitet og motstand i samfunnsmessig samanheng.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Undervisning og omfang
Førelesingar, litteraturseminar, etnografisk film
3-4 timer pr veke
7-8 veker undervising
26 timer undervising totalt
Obligatoriske arbeidskrav
Oppgåveinnlevering undervegs (må være godkjent for å kunne gå opp til eksamen, oppgåva er gyldig i to semester)
Vurderingsformer
8 timers skuleeksamen
Karakterskala
Emna som inngår i det anbefalte studieløpet blir karaktersatt A-F.
Emneevaluering
Emnet evaluerast kvart undervisningssemester via Mi Side.
Kontaktinformasjon
Institutt for sosialantropologi
Fosswinckelsgate 6
5007 Bergen
E-post: Studieveileder@sosantr.uib.no
Telefonnr: 55 58 92 50 / 55 58 94 51
Heimeside: http://www.uib.no/antro/