| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår (frå 2012) |
| Fagleg overlapp | SPLA105, SPLA201/SPLA251 |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Spansk
Læringsutbyte
Studentane skal ha brei generell kunnskap innafor disiplinen. Dei skal bruka sine kunnskapar kritisk og reflektera over eigen fagleg praksis.
Emnet skal leggja til rette for fordjuping i:
A) Grammatikk med særleg vekt på latinamerikanske variantar (morfologi, syntaks).
B) Fonetikk med særleg vekt på latinamerikanske variantar. Fonetisk teori og metode.
C) Skilnader mellom spansk og norsk språk.
Studentane skal sjølvstendig kunna halda fram eiga kompetanseutvikling og spesialisering.
Emnet kan søkjast innpassa i ei spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium i ei bachelorgrad ved UiB. Saman med SPLA101 eller SLAN611 kvalifiserer SLAN640 for opptak til PPU-studiet ved Universitetet i Bergen.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no
Undervisningssemester
Vår (frå 2012)
Undervisningsspråk
Spansk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for dei som har fått tildelt EVU-rett til emnet etter søknad og opptak gjennom SEVU.
Mål og innhald
SLAN640 er eit fordjupingsemne i spansk språk på 15 studiepoeng. Emnet inneheld tre delar: spansk grammatikk med vekt på syntaks, fonetikk og omsetjing. Det blir lagt særleg vekt på latinamerikansk spansk og kontrastive aspekt mellom spansk og norsk.
Læringsutbyte/resultat
Studentane skal ha brei generell kunnskap innafor disiplinen. Dei skal bruka sine kunnskapar kritisk og reflektera over eigen fagleg praksis.
Emnet skal leggja til rette for fordjuping i:
A) Grammatikk med særleg vekt på latinamerikanske variantar (morfologi, syntaks).
B) Fonetikk med særleg vekt på latinamerikanske variantar. Fonetisk teori og metode.
C) Skilnader mellom spansk og norsk språk.
Studentane skal sjølvstendig kunna halda fram eiga kompetanseutvikling og spesialisering.
Emnet kan søkjast innpassa i ei spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium i ei bachelorgrad ved UiB. Saman med SPLA101 eller SLAN611 kvalifiserer SLAN640 for opptak til PPU-studiet ved Universitetet i Bergen.
Tilrådde forkunnskapar
SLAN640 baserer seg på spanskkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium/Nettspansk. Undervisninga byggjer vidare på SLAN611.
Fagleg overlapp
Undervisning og omfang
Undervisninga er organisert som seminar over Internett, og går over åtte veker, med to undervisningstimar i veka. Det er ei obligatorisk samling på to dagar i Bergen, ved oppstart av kurset.
Obligatoriske arbeidskrav
Det er obligatorisk å møta på oppstartssamlinga i Bergen. Fråver blir kun godskrive med gyldig dokumentasjon (sjukemelding og liknande).
I løpet av semesteret skal studentane skriva tre oppgåveutkast; eit i fonetikk, eit i grammatikk og eit i omsetjing, som dei til fastsette fristar skal levera til lærarane via Mi Side eller KARK for kommentarar.
Vurderingsformer
Studentane skal arbeida vidare med to av utkasta nemnte under Obligatoriske arbeidskrav og levera endeleg versjon av desse oppgåvene i ei endeleg mappe på slutten av semesteret. Denne mappa utgjer vurderingsgrunnlaget for emnet. Saman med oppgåvene skal studentane skriva eit refleksjonsnotat som gjer greie for prosessen med oppgåvene. Refleksjonsnotatet skal vera på om lag 2400 ord og skal skrivast på spansk. Mappa får ein samla karakter som blir sett på grunnlag av både innhald og språk.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Pensum inneheld lærebøker i grammatikk, fonetikk og spanskamerikansk språk, samt eit utval artiklar om omsetjing og kontrastive aspekt.
Undervisningsstad
Bergen/Internett
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no