Gå til innhold
English A A A
Emne SLAN642

Fordjupning i latinamerikansk kulturkunnskap

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Haust (annakvart haustsemester frå 2012)
Fagleg overlapp SPLA203/SPLA253
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Spansk

Læringsutbyte

Studietilbodet skal leggja til rette for fordjuping i eit emne frå latinamerikansk kulturkunnskap, t.d. ein periode, eit land, eit tema. Ein kan henta emnet i eit tekstutval frå perioden 1492 og fram til vår eiga tid.

Studentane skal ha brei generell kunnskap innafor disiplinen. Dei skal bruka sine kunnskapar kritisk og reflektera over eigen fagleg praksis.

Studentane skal sjølvstendig kunna halda fram eiga kompetanseutvikling og spesialisering.

Emnet kan søkjast innpassa i ei spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium i ei bachelorgrad ved UiB. Emnet tilfredsstiller kravet til sjølvstendig arbeid som må inngå i ei bachelorgrad.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no

Undervisningssemester

Haust (annakvart haustsemester frå 2012)

Undervisningsspråk

Spansk

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for dei som har fått tildelt EVU-rett til emnet etter søknad og opptak gjennom SEVU.

Mål og innhald

SLAN642 er eit fordjupingsemne i latinamerikansk kulturkunnskap på 15 studiepoeng. Tema kan variera frå semester til semester.

Læringsutbyte/resultat

Studietilbodet skal leggja til rette for fordjuping i eit emne frå latinamerikansk kulturkunnskap, t.d. ein periode, eit land, eit tema. Ein kan henta emnet i eit tekstutval frå perioden 1492 og fram til vår eiga tid.

Studentane skal ha brei generell kunnskap innafor disiplinen. Dei skal bruka sine kunnskapar kritisk og reflektera over eigen fagleg praksis.

Studentane skal sjølvstendig kunna halda fram eiga kompetanseutvikling og spesialisering.

Emnet kan søkjast innpassa i ei spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium i ei bachelorgrad ved UiB. Emnet tilfredsstiller kravet til sjølvstendig arbeid som må inngå i ei bachelorgrad.

Tilrådde forkunnskapar

SLAN642 legg til grunn spanskkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i Spansk språk og latinamerikastudium/Nettspansk. Undervisninga byggjer vidare på SLAN612.

Fagleg overlapp

SPLA203/SPLA253

Undervisning og omfang

Undervisninga er organisert som seminar over Internett, og går over åtte veker, med to undervisningstimar i veka. Det er ei obligatorisk samling på to dagar i Bergen, ved oppstart av kurset.

Obligatoriske arbeidskrav

Det er obligatorisk å møta på oppstartssamlinga i Bergen. Fråver blir kun godskrive med gyldig dokumentasjon (sjukemelding og liknande).

Den rettleidde oppgåva som blir omtalt under Vurderingsformer skal sendast inn til rettleiing i løpet av semesteret, innan oppsette fristar. Fristane er endelege, og studentane pliktar sjølve å halda seg informerte om desse. Det er òg obligatorisk for studentane å møta til rettleiing til avtalt tidspunkt. Det blir sett opp to rettleiingstimar etter avtale mellom student og rettleiar. Rettleiing blir gitt per telefon eller over Internett.

Vurderingsformer

Ei rettleidd oppgåve og munnleg eksamen. Oppgåva skal vera på om lag 12 standardsider (dobbel lineavstand og 12 punkt Times New Roman eller liknande skrifttype) pluss bibliografi, skriven på spansk. Munnleg eksamen er ei samtale på spansk om pensum, der òg oppgåva kan trekkjast inn.

Den rettleidde oppgåva og den munnlege delen av eksamen tel båe 50 prosent. Stryk i ein av desse delane fører til stryk i SLAN642. Båe eksamensdelane må vera greidde i same semester.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Undervisningssted

Bergen/Internett

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no