Invitasjon til sosiologi
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Fagleg overlapp | For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplege fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagt (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT101, SOS100 og GEO-SD100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Læringsutbyte
Gjennom studiet i dette emnet skal studentane ha tileigna seg grunnleggjande kunnskap om sosiologiske perspektiv på relasjonen mellom individ og samfunn. Dei skal ha kunnskap om omgrep og tema som sosialisering, institusjonalisering, rolle og identitet, familie og kjønn, sosial ulikskap og mobilitet, religion og sekularisering, velferdsstaten og det sivile samfunnet, globalisering og endringar i arbeidslivet. Studentane skal dessutan kunne drøfte desse sosiologiske perspektiva, temaa og omgrepa ved å vise til døme frå forsking som dei er gjort kjende med i undervisninga. Dei skal kunne skrive ein tekst ut frå fagleg etiske kriterium og korrekte kjeldetilvisingar.
Kontaktinformasjon
Institutt for sosiologi:
e-post: post@sos.uib.no / studieveileder@sos.uib.no
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk
Mål og innhald
I dette emnet skal studentane få ein oversikt over sentrale omgrep, innsikt i utvalde perspektiv og kjennskap til nokre aktuelle forskingstema i sosiologifaget. Studentane skal få analytiske verktøy til å forstå korleis samfunnet kan seiast å verta ein del av mennesket og mennesket ein del av samfunnet. Studentane vert introduserte til nokre sentrale sosiologiske omgrep og forskingstema, til dømes sosialisering og institusjonalisering, rolle og identitet, familie og kjønn, sosial ulikskap og mobilitet, religion og sekularisering, velferdsstaten og det sivile samfunnet, globalisering og endringar i arbeidslivet. Det vert også lagt vekt på korleis sosiologien kan være relevant for kritisk vurdering og diskusjon av aktuelle samfunnsproblem. Målet er at studentane skal kunne gjere greie for og drøfte dei omgrepa, perspektiva og forskingstema som emnet omhandlar.
Læringsutbyte/resultat
Gjennom studiet i dette emnet skal studentane ha tileigna seg grunnleggjande kunnskap om sosiologiske perspektiv på relasjonen mellom individ og samfunn. Dei skal ha kunnskap om omgrep og tema som sosialisering, institusjonalisering, rolle og identitet, familie og kjønn, sosial ulikskap og mobilitet, religion og sekularisering, velferdsstaten og det sivile samfunnet, globalisering og endringar i arbeidslivet. Studentane skal dessutan kunne drøfte desse sosiologiske perspektiva, temaa og omgrepa ved å vise til døme frå forsking som dei er gjort kjende med i undervisninga. Dei skal kunne skrive ein tekst ut frå fagleg etiske kriterium og korrekte kjeldetilvisingar.
Fagleg overlapp
For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplege fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagt (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT101, SOS100 og GEO-SD100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet.
Undervisning og omfang
Undervisninga inneheld forelesingar og seminar. I seminara får studentane trening i munnleg drøfting av faglege problemstillingar.
Talet på førelesingstimar: 20-24
Obligatoriske arbeidskrav
Ei innleveringsoppgåve (ca 2000 ord) som må vere godkjent før eksamen.
Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Emnet vert evaluert av studentar og faglærer i tråd med vedteken evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi.
Kontaktinformasjon
Institutt for sosiologi:
e-post: post@sos.uib.no / studieveileder@sos.uib.no