Sosiologisk teori: Klassiske perspektiv
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk eller engelsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Læringsutbyte
Studentane skal gjennom emnet ha fått ein brei kunnskap om klassiske bidrag i sosiologien og ulike teoretiske perspektiv knytt til tilhøvet mellom handling og orden. Dei skal kunne gjere greie for og drøfte ulike teoretiske innfallsvinklar til sosiologiske tema som er tatt opp i emnet. Dei skal kunne skrive ein tekst ut frå fagleg etiske kriterium og korrekte kjeldetilvisingar.
Kontaktinformasjon
studieveileder@sos.uib.no
Undervisningssemester
Vår
Eksamenssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk eller engelsk
Institutt
Sosiologisk institutt
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar ved UiB
Mål og innhald
Emnet skal gje innsikt i sentrale bidrag i klassisk sosiologisk teori. Ein studerer bidrag frå tidlege klassikarar som Marx, Weber, Durkheim, Simmel og Mead, men også frå seinare bidragsytarar som mellom anna Parsons, Horkheimer og Schütz. Det vert lagt vekt på korleis dei ulike bidragsytarane forstår relasjonen mellom individ og samfunn og handsamar tilhøvet mellom sosial handling og sosial orden. Har dei primært eit systemperspektiv eller eit handlingsperspektiv og kva kjenneteiknar deira teori om sosial handling og sosiale system? Gjennom arbeidet med desse teoribidraga vert det tatt opp ei rekke sentrale sosiologiske tema. Døme er makt og legitimitet, klasse og sosial ulikskap, integrasjon, kjønn, urbanitet, sosial samhandling, utviklinga av sjølvet. Gjennom eit utval av sosiologiske originaltekstar som tar for seg slike spesifikke tema, vert det drøfta korleis tilhøvet mellom handling og orden er handsama og vidare kva teoretiske perspektiv denne handsaminga har gjeve opphav til. Målet er at studentane skal lære å bruke kunnskapen om ulike perspektiv på slike tema til å drøfte aktuelle samfunnsspørsmål.
Læringsutbyte/resultat
Studentane skal gjennom emnet ha fått ein brei kunnskap om klassiske bidrag i sosiologien og ulike teoretiske perspektiv knytt til tilhøvet mellom handling og orden. Dei skal kunne gjere greie for og drøfte ulike teoretiske innfallsvinklar til sosiologiske tema som er tatt opp i emnet. Dei skal kunne skrive ein tekst ut frå fagleg etiske kriterium og korrekte kjeldetilvisingar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
SOS100 Invitasjon til sosiologi og SV100 Samfunnsvitskaplege tenkjemåtar
Undervisning og omfang
Undervisninga inneheld forelesingar og seminar. I seminara får studentane trening i munnleg drøfting av faglege problemstillingar.
Talet på førelesingstimar: 20-24
Obligatoriske arbeidskrav
Ei innleveringsoppgåve (2500 ord, +/- 10%) som skal vere godkjend før studenten kan gå opp til eksamen i emnet. Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
7 dagars heimeeksamen der det skal skrivast ei oppgåve på 2.500-3.000 ord, og 4 timars skriftleg eksamen. Kvar del vert vekta 50%
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Emnet vert evaluert av studentar og faglærer i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi.
Kontaktinformasjon
studieveileder@sos.uib.no