Gå til innhold
English A A A
Emne SOS106

Økonomisk sosiologi

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vil variere
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Læringsutbyte

Etter å ha avslutta emnet skal studenten kunne

  • Gjere greie for kva som kjenneteiknar det kapitalistiske økonomiske systemet og korleis det har blitt til
  • Gjere greie for dei mest generelle trekka ved dei vanlege (nyklassiske) økonomiske teoriane om marknader, velferd og styring av samfunnsøkonomien, samt kritikken som er retta mot desse teoriane
  • Gjere greie for ulike teoriar økonomiske sosiologar har om høve mellom økonomiske aktørar, inkludert teoriar om marknader og om nettverk
  • Gjere greie for kjenneteikn ved og teoriar om dei seinare åras utvikling i norsk og internasjonal økonomi, som globalisering, ny-liberalisme, og økonomiske kriser av ulike slag.

- Finne fram til og presentere informasjon om samfunnsøkonomiske høve, og delta i diskusjonar om slike høver med fagleg grunngjevne argument

Kontaktinformasjon

studieveileder@sos.uib.no

Undervisningssemester

Vil variere

Eksamenssemester

Vil variere

Undervisningsspråk

Norsk

Mål og innhald

SOS 106 er eit fordjupingsemne knytt til eit av dei sentrale problemområda for Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: Arbeid, kunnskap, utdanning og økonomi. Målsetjinga med fordjupingsemna er at studentane skal bli kjende med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innanfor det valde emnet. Ei slik fordjuping vil også gi eit godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve.

Det blir gitt ein oversikt over sosiologiske perspektiv på høvet mellom økonomi og samfunn. Nokre tema blir særlig grundig handsama. Kva for tema dette er, kan variere frå semester til semester, men vanlegvis ser ein på dei følgjande:

  • Sosiologiske teoriar om dei sentrale institusjonane i det kapitalistiske økonomiske systemet generelt og om marknader spesielt
  • Rolla sosiale nettberk spelar i det kapitalistiske økonomiske systemet
  • Høvet mellom sosiologiske og samfunnsøkonomiske teoriar om økonomien
  • Vekst, kriser og andre utviklingstrekk i norsk og internasjonal økonomi, med særleg vekt på korleis ein kan forstå endringane som har skjedd dei seinare åra

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha avslutta emnet skal studenten kunne

  • Gjere greie for kva som kjenneteiknar det kapitalistiske økonomiske systemet og korleis det har blitt til
  • Gjere greie for dei mest generelle trekka ved dei vanlege (nyklassiske) økonomiske teoriane om marknader, velferd og styring av samfunnsøkonomien, samt kritikken som er retta mot desse teoriane
  • Gjere greie for ulike teoriar økonomiske sosiologar har om høve mellom økonomiske aktørar, inkludert teoriar om marknader og om nettverk
  • Gjere greie for kjenneteikn ved og teoriar om dei seinare åras utvikling i norsk og internasjonal økonomi, som globalisering, ny-liberalisme, og økonomiske kriser av ulike slag.

- Finne fram til og presentere informasjon om samfunnsøkonomiske høve, og delta i diskusjonar om slike høver med fagleg grunngjevne argument

Tilrådde forkunnskapar

SOS100 Invitasjon til sosiologi og SV100 Samfunnsvitskaplege tenkjemåtar

Undervisning og omfang

Førelesingar

Talet på førelesingstimar: 20-24

Obligatoriske arbeidskrav

1. Obligatorisk innlevering av oppgåve (2000 ord, +/- 10 %) og skriftlege kommentarar til to medstudentar sine oppgåver.

2. Innsamling og 5-10 minutts presentasjon av informasjon om eit oppgitt tema.

Arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgande eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

6 timars skuleeksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar og faglærer i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emner på bachelor- og masternivå i sosiologi

Kontaktinformasjon

studieveileder@sos.uib.no