Gå til innhold
English A A A
Emne SOS108

Utdanning og samfunn

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vil variere
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller oppnådd realkompetanse

Læringsutbyte

Etter å ha avslutta emnet skal studenten kunne

  • Gjere greie for skulen som institusjon, arena for sosialisering, og formidlar av kultur i samfunnet under ulike historiske vilkår, både i utviklingsland og i de industrialiserte landa.
  • Gjere greie for utdanninga si rolle som seleksjonsmekanisme i samfunnet og korleis ho bidrar til "ulikskapens reproduksjon".
  • Sjå korleis ulike skulesystem fremmer ulike former for sosialisering og ulike haldningar til kunnskap hjå elevar i ulike land gjennom analyser i eit internasjonalt og komparativt perspektiv.
  • Vise evne til å skaffa seg informasjon om utdanning i ulike samfunn, og på et slikt grunnlag kunne vurdere korleis dei ulike nivåa og skuletypane heng saman og legg til rette for ulike studieforløp og karrierebanar.
  • Vurdere nasjonale utdanningssystem som særeigne strukturer med sine eigne verkemåtar, samt vise generell kompetanse i å analysera sosiale institusjonar.

 

Kontaktinformasjon

studieveileder@sos.uib.no

Undervisningssemester

Vil variere

Eksamenssemester

Same semester som undervisning

Undervisningsspråk

Norsk

Mål og innhald

SOS108 er eit fordjupingsemne knytt til eitt av dei sentrale problemområda for Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: Arbeid, kunnskap, utdanning og økonomi. Målsetjinga med fordjupingsemna er at studentane skal verte kjende med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innan det valte emnet. Ei slik fordjuping vil også gi et godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve .

Emnet gjer ein introduksjon til sentrale problemstillingar omgrep og sosiologiske perspektiv i studiet av forholdet mellom utdanning og samfunn, med dømer frå norske og internasjonale høve. Kva er den historiske samanhengen mellom utdanning og samfunnet sine moderniseringsprosessar? Kvifor veks utdanningssystemet? Kvifor er det så store skilnader mellom land? Kva vert lært i skulen og kva krav vert stilt til skulen sitt innhald? Kva skil ulike typar utdanning og utdanning på ulikt nivå? Kva er grunnlaget for sosiale ulikskapar i skolen og kor stabile er slike ulikskapar? Dette er dømer på spørsmål som vert stilt og som kurset prøver å formidle nokre av utdanningssosiologien sine svar på.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha avslutta emnet skal studenten kunne

  • Gjere greie for skulen som institusjon, arena for sosialisering, og formidlar av kultur i samfunnet under ulike historiske vilkår, både i utviklingsland og i de industrialiserte landa.
  • Gjere greie for utdanninga si rolle som seleksjonsmekanisme i samfunnet og korleis ho bidrar til "ulikskapens reproduksjon".
  • Sjå korleis ulike skulesystem fremmer ulike former for sosialisering og ulike haldningar til kunnskap hjå elevar i ulike land gjennom analyser i eit internasjonalt og komparativt perspektiv.
  • Vise evne til å skaffa seg informasjon om utdanning i ulike samfunn, og på et slikt grunnlag kunne vurdere korleis dei ulike nivåa og skuletypane heng saman og legg til rette for ulike studieforløp og karrierebanar.
  • Vurdere nasjonale utdanningssystem som særeigne strukturer med sine eigne verkemåtar, samt vise generell kompetanse i å analysera sosiale institusjonar.

 

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller oppnådd realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

SOS100 Invitasjon til sosiologi og SV100 Samfunnsvitskaplege tenkjemåtar

Undervisning og omfang

Førelesninger

20- 24 førelesningstimar

Obligatoriske arbeidskrav

Obligatorisk innlevering av oppgåve (3000 ord, +/- 10%). Oppgåva vil få kommentarar og må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

6 timars skuleeksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar og faglærer i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emner på bachelor- og masternivå i sosiologi.

Kontaktinformasjon

studieveileder@sos.uib.no