Gå til innhold
English A A A
Emne SOS116

Klasse, stratifikasjon og sosial mobilitet

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vil variere
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Læringsutbyte

Studentar som har teke dette emne skal ha ein brei kunnskap om klassiske og nyare bidrag i norsk og internasjonal forsking om sosiale klassar, stratifikasjonsforsking og sosial mobilitet. Dei skal ha kunnskap både om ulike tradisjonar i forskinga, om sentrale teoriar og metodar og om dei empiriske resultata frå denne forskinga. Dei skal kunne gjere greie for dei klassiske analysane av sosial ulikskap og differensiering så vel som analysar av slike skiljeliner i dagens vestlege samfunn.

Undervisningssemester

Vil variere

Eksamenssemester

Same semester som undervisning

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til studierett

Åpent

Mål og innhald

SOS116 er eit fordjupingsemne knytt til eit av dei sentrale problemområda for Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: Arbeid, kunnskap, utdanning og økonomi. Målsetjinga med fordjupingsemna er at studentane skal verte kjende med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innan det valte emnet. Ei slik fordjuping vil også gi eit godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve.

Formålet med dette emnet er å gje studentane kunnskap om klassiske og nyare bidrag i norsk og internasjonal forsking om sosiale klassar, stratifikasjonsforsking og sosial mobilitet. Emnet fokuserer på moderne vestlege samfunn, og tek opp spørsmål som:

  • Kva vert meint med sosial ulikskap, sosiale klassar, stratifikasjon og mobilitet?
  • Korleis kan ein teoretiske forstå og forklare sosial stratifikasjon?
  • Korleis har sosiale stratifikasjonsprosessar vortne studerte empirisk?
  • Korleis ser dei norske mønstra for sosial stratifikasjon og sosial mobilitet ut?
  • Finn ein sosiale klassar i Noreg av i dag? I så fall, i kva forstand og langs kva skilleliner? Kor vanleg er det at individ kryssar yrkes- og klasseskiller? Korleis vert sosial mobilitet forklart? Skuldast mobilitet individuelle motivasjonar, strukturelle endringar eller institusjonelle faktorar?
  • Finn ein elitar i Noreg av i dag? I så fall, korleis er norske elitar samanlikna med elitane i andre land?
  • Korleis er økonomisk og sosial ulikskap strukturert av politiske, sosiale og økonomiske institusjonar i dei moderne samfunna?
  • Korleis påverkar tilskrivne og oppnådde trekk, slik som utdanning, sosial bakgrunn, kjønn og etnisitet, økonomiske moglegheiter og utkome på arbeidsmarknaden?
  • Er det i dag i ferd med å oppstå nye stratifikasjonssystem og -mønster?

Emnet vil vektlegge desse problemstillingane og prosessane sin historiske karakter. Eit hovudtema vil derfor vere å følgje linjene frå dei klassiske analysane av sosial ulikskap og differensiering til analysar av slike skilleliner i dagens vestlege samfunn. Likeeins vil problemstillingar i høve til sosial endring vs. sosial stabilitet eller reproduksjon stå sentralt.

Læringsutbyte/resultat

Studentar som har teke dette emne skal ha ein brei kunnskap om klassiske og nyare bidrag i norsk og internasjonal forsking om sosiale klassar, stratifikasjonsforsking og sosial mobilitet. Dei skal ha kunnskap både om ulike tradisjonar i forskinga, om sentrale teoriar og metodar og om dei empiriske resultata frå denne forskinga. Dei skal kunne gjere greie for dei klassiske analysane av sosial ulikskap og differensiering så vel som analysar av slike skiljeliner i dagens vestlege samfunn.

Tilrådde forkunnskapar

SOS100 Invitasjon til sosiologi og SV100 Samfunnsvitskaplege tenkjemåtar

Undervisning og omfang

Førelesingar (20-24 timar) og seminar (ca. 20 timar)

Obligatoriske arbeidskrav

Obligatorisk innlevering av oppgave (3000 ord, +/- 10%). Oppgåva vil få kommentarar og må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

6 timar skuleeksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar og faglærer i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emner på bachelor- og masternivå i sosiologi.